Jess!

Vinterferie og snø i fjellet for dei som likar det.
Og vind i toknene for oss igjenverande.

“The badpeople” fer verda rundt, iallefall Europa..

Mange badande på tur med andre ord, men nokre held seg i
“Kringla heimsins”.

Denne morgonen vart spesiell, då været klårna og det vart tydeleg at det går mot
soloppgang til onsdagsbadarane.

Idag stod sola opp kl. 07:43

Ikkje verst..

med slikt lys før klokka 7 ein onsdag morgon.

5 vel budde badarar hadde stevnemøte ved naustet denne morgonen.

Ikkje lenge etter var dei i sjøen og kunne kjenne at 4,5 grader absolutt gjer
at du vaknar og kjenner du er til.

I aust kunne ein sjå ein månesigd som balanserte ei stjerne på skuldera.

ja,ja, ikkje lett å sjå her. Der skulle du ha vøri Kal..

Lykta gjer oss framleis stemning, med påfyll av stemningar og bilder frå
husmannsplassar i austerled.
Eit tema i dag vart frostfrie kranar innomhus…

Nok om det!

Gled dokker til snarleg soloppgangsbad!

Tida nærmar seg!

Ha ein flott vinterferie!

Me badast!

smileySvein Egil