Morndu!

Ein mørk haustmorgon i Godalen!

Det var starten..

og med mørke som selskap vart det samling i støa.
8 sjøbadarar som lengta etter havet.

Idag vart det målt 9,1 grader, men rundt 6 grader på land.

Det er alltid godt å kunne ta badeburkaen i bruk og kasta av seg vått ty.
Då vert det leskeleg og godt.

Så på med kleda og samling utandørs.

Dagen gryr, og med det ser me at det mørknar både i nord og sud, men over Godalen er det
blåskimmer..

ei stund.

Drøset går og blant anna har fleire sett filmen om dei to syskenå som bur ilag i alderdomen.
Vert anbefalt.

Så kjem ei kraftig regnbyge og me tutlar oss inn ei kort stund, før me rullar vidare i dagen.


Morgonhimmelen gjer oss eit løft.

Det er her me høyrer til.
Det er her me er..
her er me..
her.
(Fritt etter Jon Fosse).


Så fer me kvar til vårt.
Nokon føre..


Andre etter..

Me badast!

smileySvein Egil