Hei folkens!

Ja, ny sjanse.

Etter at vintertida førte oss ein time mot sommar vart det ny
sjanse for eit onsdagsbad i morgonsol.

Klårver og stille vart ein lovande start på dagen då me trødde ut i morgonlufta.

Samling etter kvart som tida nærma seg 0700.

Dagen grydde og horisonten stod i blått..


Bordet vert flytta ut mot soloppgangen, og me gjer oss klare til bad..

Sjøen ligg lokkande. Lurer på kva det vert målt til i dag?

Ein filmsnutt;

//www.youtube.com/embed/KVvmYF7GTcg

Så er badet over og me kan kle oss fort og fram med frukosten.

Den gode samtalen går rundt bordet og legg eit fint grunnlag for starten på ein ny dag!


Så vert lyset slått på og me kan vandra vidare i dagen!

Me badast!

smileySvein Egil