Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

St.Hansbad

Lørdagsbad Posted on Sun, June 24, 2012 18:27

Hallaisen godtfolk!

St.Hans og regn passar ikkje i hop, men av og til er det slik at me blir påminna
kor me bur.

Greitt er det, så er me i alle fall ikkje i tvil!

Bad vert det i alle fall, og som ein av mine mange små medbadarar sa det denne helga:
“Det regne, men ka gjørr vel det? Me blir jo våte uansett – for me ska jo bada!”

Så sant!

Me ska jo bada!

Denne helga har eg vore på Ogna med korpset og hatt ei flott sosial oppleving med barn og ungdom frå 9 til 19 år. Bading både seint og tidleg. “Kan du bli med på eit St.Hanskveldsbad?” Klart eg kan! Tempen i vatnet (ferskvatn) var rundt 17 grader og fint å bada i. I tillegg vart det tur langs strendene på Ogna med sjølvlaga dragar.

Men på formiddagen tikkar det inn melding frå Jorunn:

“11 badere og 13,6 i sjøen”

med bilde:

Det er tydeleg fin flyt rundt frukostbordet og drøset går!

Ha ei flott helg!

Som nevnt ein liten dugnad mandag kl. 1800 for dei det passar.

Me badast!

smileySvein Egil



Bollebad

Onsdagsbad Posted on Thu, June 21, 2012 12:53

Guddagen!

Fiina veret!

Okej då.. det variere litt, ein smule, men pytt, sol e sol og regn e regn.

Me må ta det så komme, med et smil.. og krydra det heila med eit bad!

Slik blei det denne onsdagen og.

Samling klokka 7 i Godalen, og ein liten koste/rydderunde etter knust flaske.

(Burde vært forbud mot flasker ved badestrender, kanskje kalla det plastflaskepåbud..)

Enighet om at det blir ein liten spyle/ryddedugnad mandag kveld ( 25.juni kl. 1800 )

med kost og trykkspylar. Kom dei som vil. Me sjekkar ut naustdøra i same slengen.

Bad:

Klesbytte på pynten, og uti med oss.

Eit fantastisk solstreif mot Ryfylkefjella gav oss eit vakkert bakgrunnsteppe (lite brukt i badesammenheng) til dette badet.

Kristin klarerte for svier og uti til 13 grader satte oss i gang med lovprising av sommar og sol..

7 badarar i sjøen, inkl. gjestebadar Susanne som cruisa inn med rapport frå danskekysten.

På plass ved frukostbordet, og Kristin kunne framvisa ferske boller med nyrørt syltetøy.

Bolleperspektivet vart grundig diskutert og utnytta, med møje lått og løye, før me kunne runda av med eit fyndig adjø og vidare til dagens dont.

Ha ei flott veke!

Me badast!

smiley Svein Egil



Våtlaug

Lørdagsbad Posted on Sat, June 16, 2012 20:24

Hallaisen igjen!

Så var me klare igjen. Samling rundt plastfraksjonen på Varden med påsane klare.

Klemmar vart utdelte i rikt monn og me var klare for tur.

Hillevåg, Strømvik og så Godalen, der natur- og idrettsevice var på plass med kost og spade.
Knuste flasker er eit problem, og me fann fleire seinare, så det gjeld å passa seg og trø rundt med varsemd.

Badefolket samla seg..


og vart fort 10 stykk.

Omkledninga tok litt tid, då tatletyet kom heftigt i bruk, men me samla oss te
bad ved stupebrettet.

Som de ser av dagens billedserie, det vart samling i stranda for eit bad nummer to.

13 grader å melda idag, og bygever.

Då me skulle gå heim var det opphald og me var klare for bytur.
Siddisparade med skulekorps og fest i Bjergsted lokka.

Ha ei fine helg!

Me badast!

smileySvein Egil



PostModsBad

Onsdagsbad Posted on Thu, June 14, 2012 22:14

Javel, så var helgå øve og onsdagsbadet på gang.

Eg var i Sandvika og fekk fysst melding frå Gry onsdag ettermiddag:

“Melder om 14 grader i sjøen fra Hjelmeland – Hilsen Tonje og Gry”

Kveldsbadet gjorde nok godt der inne i Ryfylkefjorden.

Sten sende meg melding i dag:

” Hei! Me var 3 badarar i Godalen på onsdag. Hadde glømt nøklane, så badetemperaturen
e basert på Pi og følelsane te jentene.
Ca. 11,5 grader blei me enige om”

Ja, det heiter vel consensus i desse dagar!

Bilde av glade badarar fylgde med..

e’ der någen tvil om kem desse e’??

Då badast me te laurdag!

🙂 Svein Egil



Venuspassasjebadere

Onsdagsbad Posted on Thu, June 07, 2012 17:12

Rise & shine!

Venuspassasjebaderne blei:

Marianne, Sten, Kristin, Gry, Torhild, Ole, Jorunn og Svein Egil, med venuspassasjebadevakt Peder.

På plass i Godalen klokka 0600, ein time tidligare enn vanleg.

Observasjonane kunne gjerast rundt kl. 0635 og 0658, så der var god tid til både bad og turk.

Ja Kristin og Jorunn markerte ekstra med to bad og hopp frå brettet.

12 grader i sjøen gjorde sitt til at det var ein vaken gjeng som gjorde observasjonane.

Svært fjære sjø og ei flott stemning rundt frukostbordet då Venus passerte mellom jorda og sola.

Takk for eit flott og unikt bad, no er det ei stund til neste anledning.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Venuspassasjebad?

Onsdagsbad Posted on Tue, June 05, 2012 18:09

Guddagen badarar!

Sten melder om 8 sjøbadarar på laurdag og 12,5 i sjøen.
Kjønnsfordelinga var 50/50, noko som er svært uvanleg i alle høve.

For dei som fylgjer med i media har eg ei spesiell oppfordring til morgendagens morgenbad.

Er det på sin plass med eit venuspassasjebad? Neste anledning til eit slikt bad er
2117.

Då stiller me til bad kl. 0600 Me har då tida fram til ca. 0635 til å sjå og foreta eit bad til ei slik anledning.

Venuspassasjebad! Once in a lifetime!

Me badast!

smiley Svein Egil



Streikebad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 30, 2012 12:44

Guddmårgen!

Onsdag og tid for bad.

Fina veret og ditto i sjøen, sjølv om det ikkje er samme varmen som det var i pinsehelga.

Men samling i Godalen vert det, uansett.

6 badarar i dag og ingen svier i sjøen ( så me kunne sjå ).

God samling. 6 badarar i sjøen og 12,3 grader i sjøen i dag. ca. 1 grad under målinga sist torsdag.

Baderunde 2 kom ganske fort..

og tempen steig..

No er det streik i kommune og offentlig sektor, så me håper folk tek ansvar for å rydda etter seg i Godalen og andre badeplasser.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Ein gong te’

Heilårsbad Posted on Thu, May 24, 2012 16:05

Hallaisen igjen!

..og ikkje nok med det!

Torhild sendte MMS onsdags kveld:

“Vi traff Kristin og sønn i godal.
Og dermed ble d et kveldsbad 🙂 Torhild”

Så eg reknar med at sønnen tok billede av desse flotte badenymfene!

I dag tidleg vart det også morgenbad på oss.

Her gjeld det å nytta godveret..

13,5 grader i sjøen er ikkje å forakta kl. 0700 på morgonen.

Treng ein ord til dette?

5 morgenfriske sjøbadarar og streik på gang..

Ha ei flott helg.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Rekordbad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 23, 2012 15:50

Rekordonsdagsbadet!

Bare måtte bli i dag, den 23.mai 2012.

Kl.0700 var alt som bestilt!

Skyfri himmel, sol i øst, blikkstille på sjøen, fjære sjø og sjøbadarar i alle retningar..

Ja, kanskje det siste var litt å overdriva, men..

Susanne var på besøk fra Danmark, og gjentok at me må setja av ei helg i haustferien til Danmarksbadecruise.. Kjem tilbake til det seinare.

Dei ser absolutt klare ut!

Ja, det strøymde på så ein knapt kunne andast!

Samtlige fekk “flyten” og rekordtemp. på 12,3 grader i sjøen er ei formidabel auke frå laurdag.

20 grader på land gjorde det heile komplett!

Litt synd at me måtte konstatera at grillsesongen er begynt, då me kunne samla inn ei mengd med

eingongsgrillar som stort sett var forlatt der dei var brukt!

Synd og skam!

Ellers er det foreslått at dei som kan vil treffa sjøbadande dei kommande morgenane rundt kl. 0700.

Her må godveret nyttast!

Nokre satt igjen då me gjekk..

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Post 17de bad

Lørdagsbad Posted on Sat, May 19, 2012 13:37

Guddagen folkens!Jelsa kaller!Plenklypping og utplanting av diverse nyttevekster ( litt unyttige og..) på programmet i dag.Med andre ord ikkje Godalenbad på oss.Men….Torhild sender bud:”11 badere rundt frokostbord i godal..7,2 i sjøen. D går kanskje mot sommer?Fin helg til dere!”Medfølgande bilde:Joda, me takkar!Sol i går, med vakker solnedgang og relativt opphald i dag.Plenen er ferdig og plantene i jorda, så no ein fortjent….God helg til alle!Me badast!smiley Svein Egil



« PreviousNext »