God dagen!

Mannfolkå blei i klart mindretall i dag igjen.

Kl. 0658 stod Sten og eg åleine og lurte på kor damene blei av..

Men.. klokka runda 0700 og damene strøymde på!

I alt 7 badarar i sjøen idag, og me kunne nytta trappa ytterst på neset.

Fjære sjø gjorde det til eit aldri så lite stunt, men uti for me og våte vart me!

Lett yr, men ikkje meir enn at me åt ute og prata oss gode og varme.

Har for min del vore borte nokre dagar, men har fått bilder frå den 18.april

Der Sten, Bodil og Astrid stiller i kjent positur. Surt og kaldt, spesielt for Sten som nettopp var returnert frå Peru. 20 grader forskjell i temperaturen i sjøen…

Den 21. var det god samling med rundt 12-13 badarar..

..men litt meir sydenstemning i bildet. Rundt 7 grader i sjøen.

Denne morgonen var det 6,3 grader i sjøen og fjære sjø!

Her er bildene:

Så er blikket retta mot helga, med strandrydding og årsavslutning.

Avtalt å stilla direkte i Godalen kl.10. Rydding, bading og musikk og sang frå Los Immigrantos ca. 1050. Ta med hansker, river og kom.

Me badast!

🙂 Svein Egil