Hallaisen godtfolk!

St.Hans og regn passar ikkje i hop, men av og til er det slik at me blir påminna
kor me bur.

Greitt er det, så er me i alle fall ikkje i tvil!

Bad vert det i alle fall, og som ein av mine mange små medbadarar sa det denne helga:
“Det regne, men ka gjørr vel det? Me blir jo våte uansett – for me ska jo bada!”

Så sant!

Me ska jo bada!

Denne helga har eg vore på Ogna med korpset og hatt ei flott sosial oppleving med barn og ungdom frå 9 til 19 år. Bading både seint og tidleg. “Kan du bli med på eit St.Hanskveldsbad?” Klart eg kan! Tempen i vatnet (ferskvatn) var rundt 17 grader og fint å bada i. I tillegg vart det tur langs strendene på Ogna med sjølvlaga dragar.

Men på formiddagen tikkar det inn melding frå Jorunn:

“11 badere og 13,6 i sjøen”

med bilde:

Det er tydeleg fin flyt rundt frukostbordet og drøset går!

Ha ei flott helg!

Som nevnt ein liten dugnad mandag kl. 1800 for dei det passar.

Me badast!

smileySvein Egil