Hallaisen!

Nok eit bad og nok ein sommar!

14.april er første sommardag også i Godalen.

Som sedvanleg startar dagen med vandretur til Varden miljøstasjon med plast- og glas i posane. Fin tradisjon og opning på badevandringa. Igjen ein gjeng som ventar på avmarsj og dagen er godt i gang.

Med litt yr i lufta og relativt kjøligt drag anar ein vår på gang.
Knoppar på veg til å sprenga seg fram og løvetann som gjer seg klar til å yta sitt til eit kommande fargeslepp som gjer godt for sjela.

Nei, det var bading dette skulle dreia seg om… og.

Når ein nærmar seg Godalen merkar ein at det er travel aktivitet.
Sjøbadarar sprett fram frå alle retningar med stø kurs for naust og omkleding.
Denne vårdagen intet unntak.

Tilsaman 17 sjøbadarar vert sleppte ut, og me kan måla 7 grader i sjøen og 5 på land.
Namfene badar frå trappa og nymfene frå stranda.

Siv i sin flotte badeburka!

Badinga vil ingen ende ta, og enkelte ( nevner ikkje navn) gløymer at dei har vore uti før og tek til slutt sitt fjerde bad ( eit stygt tilfelle av baddemens). Frå spøk til alvor– etter første bad gjer det svært godt med eit andre bad.. men det kan nok halda.

Naustdørene vert slått opp og borda dekte til frukost og litt allsang.
Sitjeplassar vert omproviserte, men der er alltid plass.

Drøset går om alle slags tema, men kaffikoppen er alltid nærverande og litt munngodt likeså.

Fint møtepunkt for ein godt start på dagen og alle er klar for helg!

He ei fin helg!

🙂 Svein Egil