Guddagen!

Fiina veret!

Okej då.. det variere litt, ein smule, men pytt, sol e sol og regn e regn.

Me må ta det så komme, med et smil.. og krydra det heila med eit bad!

Slik blei det denne onsdagen og.

Samling klokka 7 i Godalen, og ein liten koste/rydderunde etter knust flaske.

(Burde vært forbud mot flasker ved badestrender, kanskje kalla det plastflaskepåbud..)

Enighet om at det blir ein liten spyle/ryddedugnad mandag kveld ( 25.juni kl. 1800 )

med kost og trykkspylar. Kom dei som vil. Me sjekkar ut naustdøra i same slengen.

Bad:

Klesbytte på pynten, og uti med oss.

Eit fantastisk solstreif mot Ryfylkefjella gav oss eit vakkert bakgrunnsteppe (lite brukt i badesammenheng) til dette badet.

Kristin klarerte for svier og uti til 13 grader satte oss i gang med lovprising av sommar og sol..

7 badarar i sjøen, inkl. gjestebadar Susanne som cruisa inn med rapport frå danskekysten.

På plass ved frukostbordet, og Kristin kunne framvisa ferske boller med nyrørt syltetøy.

Bolleperspektivet vart grundig diskutert og utnytta, med møje lått og løye, før me kunne runda av med eit fyndig adjø og vidare til dagens dont.

Ha ei flott veke!

Me badast!

smiley Svein Egil