Soloppgang og fiiina veret!
Dagen etter ei flott 1.mai-feiring og nøttebrente fjes samlar seg i Godalen til morgenbad.
Berre Marianne å sjå i utgangspunktet, då Sten og eg kom sigande mot badesstasjonen, men brått
var me seks badarar i vårsola.
Langstrakte skyggar spela seg i sanden då me tok vegen ut til badetrappa og morgenbad 1 og 2.
7,5 grader etter kontrollmåling. Det var ikkje verst.. Tydeleg at gårsdagen verka inn på temperaturen. Me var overraska..
God stemning i vårsola som faktisk varma idag også.
Og hugs at det er allmøte om planane for friområdet Emmaus/Godalen i morgon, Torsdag!
Ha ein flott dag!
Me badast!
🙂 Svein Egil