Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

PostModsBad

Onsdagsbad Posted on Thu, June 14, 2012 22:14

Javel, så var helgå øve og onsdagsbadet på gang.

Eg var i Sandvika og fekk fysst melding frå Gry onsdag ettermiddag:

“Melder om 14 grader i sjøen fra Hjelmeland – Hilsen Tonje og Gry”

Kveldsbadet gjorde nok godt der inne i Ryfylkefjorden.

Sten sende meg melding i dag:

” Hei! Me var 3 badarar i Godalen på onsdag. Hadde glømt nøklane, så badetemperaturen
e basert på Pi og følelsane te jentene.
Ca. 11,5 grader blei me enige om”

Ja, det heiter vel consensus i desse dagar!

Bilde av glade badarar fylgde med..

e’ der någen tvil om kem desse e’??

Då badast me te laurdag!

🙂 Svein Egil



Venuspassasjebadere

Onsdagsbad Posted on Thu, June 07, 2012 17:12

Rise & shine!

Venuspassasjebaderne blei:

Marianne, Sten, Kristin, Gry, Torhild, Ole, Jorunn og Svein Egil, med venuspassasjebadevakt Peder.

På plass i Godalen klokka 0600, ein time tidligare enn vanleg.

Observasjonane kunne gjerast rundt kl. 0635 og 0658, så der var god tid til både bad og turk.

Ja Kristin og Jorunn markerte ekstra med to bad og hopp frå brettet.

12 grader i sjøen gjorde sitt til at det var ein vaken gjeng som gjorde observasjonane.

Svært fjære sjø og ei flott stemning rundt frukostbordet då Venus passerte mellom jorda og sola.

Takk for eit flott og unikt bad, no er det ei stund til neste anledning.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Venuspassasjebad?

Onsdagsbad Posted on Tue, June 05, 2012 18:09

Guddagen badarar!

Sten melder om 8 sjøbadarar på laurdag og 12,5 i sjøen.
Kjønnsfordelinga var 50/50, noko som er svært uvanleg i alle høve.

For dei som fylgjer med i media har eg ei spesiell oppfordring til morgendagens morgenbad.

Er det på sin plass med eit venuspassasjebad? Neste anledning til eit slikt bad er
2117.

Då stiller me til bad kl. 0600 Me har då tida fram til ca. 0635 til å sjå og foreta eit bad til ei slik anledning.

Venuspassasjebad! Once in a lifetime!

Me badast!

smiley Svein Egil



Streikebad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 30, 2012 12:44

Guddmårgen!

Onsdag og tid for bad.

Fina veret og ditto i sjøen, sjølv om det ikkje er samme varmen som det var i pinsehelga.

Men samling i Godalen vert det, uansett.

6 badarar i dag og ingen svier i sjøen ( så me kunne sjå ).

God samling. 6 badarar i sjøen og 12,3 grader i sjøen i dag. ca. 1 grad under målinga sist torsdag.

Baderunde 2 kom ganske fort..

og tempen steig..

No er det streik i kommune og offentlig sektor, så me håper folk tek ansvar for å rydda etter seg i Godalen og andre badeplasser.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Rekordbad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 23, 2012 15:50

Rekordonsdagsbadet!

Bare måtte bli i dag, den 23.mai 2012.

Kl.0700 var alt som bestilt!

Skyfri himmel, sol i øst, blikkstille på sjøen, fjære sjø og sjøbadarar i alle retningar..

Ja, kanskje det siste var litt å overdriva, men..

Susanne var på besøk fra Danmark, og gjentok at me må setja av ei helg i haustferien til Danmarksbadecruise.. Kjem tilbake til det seinare.

Dei ser absolutt klare ut!

Ja, det strøymde på så ein knapt kunne andast!

Samtlige fekk “flyten” og rekordtemp. på 12,3 grader i sjøen er ei formidabel auke frå laurdag.

20 grader på land gjorde det heile komplett!

Litt synd at me måtte konstatera at grillsesongen er begynt, då me kunne samla inn ei mengd med

eingongsgrillar som stort sett var forlatt der dei var brukt!

Synd og skam!

Ellers er det foreslått at dei som kan vil treffa sjøbadande dei kommande morgenane rundt kl. 0700.

Her må godveret nyttast!

Nokre satt igjen då me gjekk..

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



16.mai bad

Onsdagsbad Posted on Wed, May 16, 2012 14:51

Ahhh – endelig onsdag og morgenbad!

Ka gjørr det vel om det e regn i loftå!?

Godalen og stranda ligg der – uansett – klar til bruk!

og – når ein først set nøkkelen i døra, så strøymer det på, så ein knapt kan andast –

av badegjester.

Badeburkaen kjem fort på og turen ut til badetrappa går kjapt.

Antydning til maneter i sjøen, men berre nokre få, små..

Uti med oss, klarning av hovud og frisk utblåsning..

Så på land og retning naustet.

Men først eit ekstrabad i stranda.

Behov for litt rydding i strandsonen etter utagerande festing.

7,3 grader i vatnet og god stemning innandørs i dag, men med naustdøra open.

Synd at det vert knust glassflasker i asfalten rundt naustet. Det er lett å trø på dei små skåra, så pass på med badesko!!

Ellers.. nok eit flott bad med trivelige medbadarar!

Kvardag og jobb kallar!

Ha ein fin 17.mai!

NB! Ellen har foredrag om Peru på Midjord bydelshus mandag kl. 1800…

smileySvein Egil



Mai du skjønne milde?

Onsdagsbad Posted on Thu, May 10, 2012 15:21

Goddagen badfolk!

Flott at MMS er på plass.

Sjøl om ein ikkje er på plass i Godalen, men fartar rundt på andre oppdrag, så kjem det dettande inn meldingar om at badarane er på plass.

Lørdag 5. frå Torhild:

“I dag har det snødd, kald vind, men i kroken i Godalen skinner sola.

8 badere, Sylvi’s foreldre nyter nå frokost.

7,8 grader i sjøen i dag.”

Sjølv var eg vakt i Kongeparken og opplevde tette snøbyger, med blå himmel og sol som bakgrunn.

Merkelig oppleving..

Onsdag 9. frå Sten:

“Nydelig sol da me kom i dag, men det skya snart over. Me var 4 badarar pluss ein hund.

Ein frisk vind og lav vannstand gjorde at me valgte “vintertrappa” i dag.

Men..

Bodil tok ansvar og tok ein ekstradukkert i strandsonen. Ho meldte om 7,8 grader i sjøen, noe som alle rundt kaffibordet mente var altfor høyt…..”

München hadde sol, 17 grader, og høg …stand!

Me badast!

NB! Styret gjer meg oppmerksam på at det er kåring til laurdagen!

smileySvein Egil



Maibad-du skjønne Milde

Onsdagsbad Posted on Wed, May 02, 2012 15:39

smiley

Soloppgang og fiiina veret!

Dagen etter ei flott 1.mai-feiring og nøttebrente fjes samlar seg i Godalen til morgenbad.

Berre Marianne å sjå i utgangspunktet, då Sten og eg kom sigande mot badesstasjonen, men brått

var me seks badarar i vårsola.

Langstrakte skyggar spela seg i sanden då me tok vegen ut til badetrappa og morgenbad 1 og 2.

7,5 grader etter kontrollmåling. Det var ikkje verst.. Tydeleg at gårsdagen verka inn på temperaturen. Me var overraska..

God stemning i vårsola som faktisk varma idag også.

Og hugs at det er allmøte om planane for friområdet Emmaus/Godalen i morgon, Torsdag!

Ha ein flott dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Flertallsbad?

Onsdagsbad Posted on Wed, April 25, 2012 15:31

God dagen!

Mannfolkå blei i klart mindretall i dag igjen.

Kl. 0658 stod Sten og eg åleine og lurte på kor damene blei av..

Men.. klokka runda 0700 og damene strøymde på!

I alt 7 badarar i sjøen idag, og me kunne nytta trappa ytterst på neset.

Fjære sjø gjorde det til eit aldri så lite stunt, men uti for me og våte vart me!

Lett yr, men ikkje meir enn at me åt ute og prata oss gode og varme.

Har for min del vore borte nokre dagar, men har fått bilder frå den 18.april

Der Sten, Bodil og Astrid stiller i kjent positur. Surt og kaldt, spesielt for Sten som nettopp var returnert frå Peru. 20 grader forskjell i temperaturen i sjøen…

Den 21. var det god samling med rundt 12-13 badarar..

..men litt meir sydenstemning i bildet. Rundt 7 grader i sjøen.

Denne morgonen var det 6,3 grader i sjøen og fjære sjø!

Her er bildene:

Så er blikket retta mot helga, med strandrydding og årsavslutning.

Avtalt å stilla direkte i Godalen kl.10. Rydding, bading og musikk og sang frå Los Immigrantos ca. 1050. Ta med hansker, river og kom.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Nachpåskebad

Onsdagsbad Posted on Wed, April 11, 2012 15:43

Fiina veret!

Tja, om du lika tett skydekke, kald trekk og yr i lufta.

Ka gjørr vel det, så lenge ein får trø uti det våte element!

Idag sko der våre sol!!

Solå sko ha vist seg før me stillte oss opp, ja alt kl. 06:31:30.

Men va hu der kl.07:00:00? NEI!

Men det va me!

Nei, her må der bilder te..

Fiine gjeng som vanlig.

6,1 i sjøen og 5,4 på land.

Alt går den rette vegen, men forta på…

Nå nærmer det seg årsfest og strandrydding.

Følg med!

Ha ein flott dag og kanskje me ses til lørdag?

NB! Husk bloggen til Ellen i Peru, der Else og Sten er på tur!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »