Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Stilleførstormenbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 30, 2013 15:16

God morgen!

Opp og hopp! Til ein varsla uversdag.

Men..

kor e an blitt av?

Vegen ned til stranda var nesten tørr, men litt bølgehøgd var der jo.

Månen han tung i sør-vest, og gav oss litt lys.

Nøkkelen opp og badarane inn.

Så vart me 6 badarar i dag.

Mildver ute, rundt 5 grader pluss, og me kan måla 3 grader i sjøen.

Mye skit på stranda og i sjøen, men litt ut vert det betre.

Fint å få på seg badeburkaen når ein kjem på land.

Kristin presenterte sin nye burka etter mor si, med fora lommar.

Ska sei..

Gode samtalar på benken rundt bordet, der ingen ting er for smått!

Merkar nå at dagen lysnar fortare, så på veg heim snur eg meg og knipsar eit siste

bilde av dagen som gryr.

Ha ein flott dag!

Me badast!

smileySvein Egil



Rekordbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 23, 2013 15:49

Hallaisen igjen!

Kaldt og flott idag, mellom minus 7 og 10 grader registrert i heimane, då me med ryggen mot snart ein fullmåne kunne ta turen ned mot Godalen denne morgonen..

Stranda låg klar, med eit islag i strandkanten.

Ellers glassklar sjø med ei gruppe ender som lurte på kva så var å hente..

8 sjøbadarar var snart på veg i badehabitten, og Susanne kom også ittekvart.

Lykta tent og uti med oss.

BRR.. Kaldt, ja, men ikkje verre enn at det rakk til eit par dukkertar.

Flott å liggja på ryggen og sjå opp i måneklar himmel, strødd med stjerner, og blå klarning i aust.

At det skulle bli rekordmåling i sjøen hadde me vel ikkje trudd, men 0,3 grader minus kunne me lesa av. Det er ikkje så gale som det høyrest ut.

Her er bildet som Sten tok av badebuksa si. “Standing tall.”

Klaka og klar til samanknekking.

Else og Sten dreg til varmare strok i morgon tidleg, så det vert litt av ei forandring.

Gjengen rundt bordet hadde mykje å fara med av allslags allvit. Som vanleg.

Susanne reiser tilbake til Danmark no etter helga, så me takkar henne og Rasmus for gode bademinner, så held me kontakten vidare. Rasmus er jo så flink til å ta bilder, så me gler oss til fortsettelsen..

Ha ein fortreffeleg fin dag!

Så badast me, kanskje alt på laurdag, til eit aldri så lite før-fullmåne-bad…

smileySvein Egil



Mestringsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 16, 2013 17:16

Jadda!

Temperaturen ute mellom 7 og 8 minus, klarver (i alle fall stjerner i sikte) og

klokkå passerer 6. Tid for å stå opp.

Opp og hopp!

Kler på, kaffi på kok, niste i boks, ta med nokre klementiner, badety og ytterkler.

På med HUÅ, den grønne. Kjennemerket må vera med.

Sko med god plass, det er kaldt i dag.

På veg mot Godalen. Berre to som kjem ned til bua, men…

me høyrer stemmer oppi bakken,

Stormlampen tent og klar.

Inn i hole rom.

Kler av, badeburkaen liver i kjennsleg kulde.

Temperaturmålaren triv ein med i farten og slenger begge uti.

Sistemann kjem, og me ventar. Melding frå Gry at ho sit på flyet til Oslo.

Torhild sender melding frå varm seng.

Dyna klarte å overtala …

Uti med oss.

5 badarar som kliv uti eit krystallklart vatn som etter kvart stig ein til lenden og me synk nedi

det våte, som klart er varmare enn lufta.

2,5 grader pluss i dag.

Me lengtar mot land og turre kler.

Fingrane er ekstremitetane som ikkje klarer det kalde vatnet så lenge.

Valne fingrar triv badeburkaer og handkler.

Me får kler og varme på plass og kan etter kvart samla oss rundt stormlykta ute.

Bakane godt plassert på varmeplater og anna sitjande.

Tid for diskusjon og deling av nytt og gamalt, lått og løye.

Plusstid til vår livskonto, og eit pusterom i kvardagen.

Fyllestasjon for livets batteri ( nei nå må eg stoppa).

Havrekjeksen til Astrid, med nyskava brunost… Har du prøvd?

Mmmmm…

Tida går fort i godt lag, og når me reiser oss og gjer oss klare til dagens dont, ser me

ei klårning i aust. Dagen er på gang og me dreg vidare. Kjempeklare for nye utfordringar!

Tema for dagen: Mestring – berre prøv!

Ha ein god dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Mestringsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 16, 2013 17:16

Jadda!

Temperaturen ute mellom 7 og 8 minus, klarver (i alle fall stjerner i sikte) og

klokkå passerer 6. Tid for å stå opp.

Opp og hopp!

Kler på, kaffi på kok, niste i boks, ta med nokre klementiner, badety og ytterkler.

På med HUÅ, den grønne. Kjennemerket må vera med.

Sko med god plass, det er kaldt i dag.

På veg mot Godalen. Berre to som kjem ned til bua, men…

me høyrer stemmer oppi bakken,

Stormlampen tent og klar.

Inn i hole rom.

Kler av, badeburkaen liver i kjennsleg kulde.

Temperaturmålaren triv ein med i farten og slenger begge uti.

Sistemann kjem, og me ventar. Melding frå Gry at ho sit på flyet til Oslo.

Torhild sender melding frå varm seng.

Dyna klarte å overtala …

Uti med oss.

5 badarar som kliv uti eit krystallklart vatn som etter kvart stig ein til lenden og me synk nedi

det våte, som klart er varmare enn lufta.

2,5 grader pluss i dag.

Me lengtar mot land og turre kler.

Fingrane er ekstremitetane som ikkje klarer det kalde vatnet så lenge.

Valne fingrar triv badeburkaer og handkler.

Me får kler og varme på plass og kan etter kvart samla oss rundt stormlykta ute.

Bakane godt plassert på varmeplater og anna sitjande.

Tid for diskusjon og deling av nytt og gamalt, lått og løye.

Plusstid til vår livskonto, og eit pusterom i kvardagen.

Fyllestasjon for livets batteri ( nei nå må eg stoppa).

Tida går fort i godt lag, og når me reiser oss og gjer oss klare til dagens dont, ser me

ei klårning i aust. Dagen er på gang og me dreg vidare. Kjempeklare for nye utfordringar!

Tema for dagen: Mestring – berre prøv!

Ha ein god dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Stemningsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 09, 2013 15:16

Onsdag igjen og klar for bad!

Melding tikkar inn om feiring av 15årsdag og fråver frå onsdagsbadet.

Ja, ja Gry, det får gå for denne gongen!

Mildver og klårt, med vermelding som seier kaldare og opphaldsver i kommande dagar.

Iallefall, ned mot Godalen og mørke stiar.

Framleis ein masse tare på stranda, men no var sjøen renska, klår og fin.

Ja, enkelte måtte ty til eit ekstra bad berre for å kjenna godt etter at – jo – dette var berre rett!

Estimerte 7 grader i sjøen, og 6 sjøbadarar i aksjon.

Me hadde ei kort visning av filmsnuttar frå Tastabadet m/avduking og Pål H. sitt innslag.

Diskusjonen rundt bordet i dag gjekk rundt bøker og samlemani..

Husk at du kan sjekka ut bøker du manglar på finn.no også…

Me badast!

smileySvein Egil



2.juledagsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 02, 2013 14:56

Onsdag 26.desember

Melding frå Sten:

Ein liten melding fra onsdagsbadet. Me var 6 stykker som møttes i Godalen i dag til eint SEINT onsdagsbad. Ute på vår vante badeplass var stupebrettet kasta på land av stormen i helga. Legger ved noen bilder eg tok lags turstien for å vise at vinden har vore kraftig i helga. Stranda i Godalen var dekka av tare, så me bestemte oss for å bruke vinterbadetrappa vår. 5,1 grader var temperaturen i det ytre badeområdet, sjøl om det føltes mye kaldere ut.

Tid til ein gode kaffepreik var det og, der Niels imponerte med sine tyskkunnskaper.

Nå er det bare å forberede seg til nyttårsbadet, med et godt oppvarmingsbad på lørdag. Skal me ha fellesbading fra stranda første nyttårsdag, må me nok rydde stranda for tare. Ellers vil HMS ansvarlig stoppe oss i oppløpet!!!

og bilder:

Då var me komne til romjula og snøen slapp litt taket..

.. og det gjorde flunså og..

🙂 Svein Egil



Mørkebad

Onsdagsbad Posted on Fri, December 21, 2012 08:41

Melding frå Sten:

Dei veit ikkje ka dei gjekk glipp av.

Var tidlig nede i God-dalen, og lurte litt på om eg måtte ta
morgenbadet aleine i dag.

Men etter at eg hadde tatt noen bilder hørte eg skritt i
mørket. Og Merethe kom ruslande nedover bakken.

Litt etterpå kom og Marianne, som hadde tenkt å være
badevakt

Så då var me to, og uti sjøen med oss. Det var ein nydelig
morgen, blikkstille i bukta og nydelig og bade.

Berre lekkert! Så lekkert at Marianne og måtte ta seg eg bad,
det var for fristende.

2,9 grader inne i bua, 05 grader i lufta, og kveldens
høyeste, 4,9 grader i sjøen!

Så nå er det bare å vente på lørdagsbadet og solsnu!!

Legger ved noen bilder eg tok før med-badarane kom!!!

Medan eg var på Rennesøy…

Me badast!

🙂 Svein Egil



12.12.12.-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 12, 2012 14:25

Hallaisen!

When the going gets tough, the tough get going!

Høhh!

Me sklei nerøve veien idag, og Godalen låg framføre oss snødekt og jomfruelige…

.. heilt te me kom!

Jusses, eit fykande godt bad, med 4,3 grader i sjøen og 3 badarar uti med Marianne som badevakt denne morningen. Beinå førte na ner te Godalen, heilt av seg sjøl.

Det var bara å hiva seg uti, raskt på med turre kler og så rydda bordet for snø. Då var alt klart for ein varm kaffikopp og frukost. Travle tider nå føre jul, men me må passa på å få med oss kosen inn i det heila.

Tente stormlykt og julesnadder sette oss i godstemning.

Ha ei fin førjulstid!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Nesten-utelåst-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 05, 2012 15:35

Brrrr…

God morgen!

Nydelig morgen i Godalen.

5,8 minus ved avreise heimefrå..

Knirkeføre og stjernehimmel!!

Vel nede vart det tid til nokre foto før det begynt å strømma på..

Men.. døra var ikkje å rikka! I vranglås eller..

Gjengen har vor utelåst før, og Kristin trødde til med lav åling.. inn og opp med naustdøra!

Så kom NRK med ein reportar som ville sjekka om det var liv i gjengen.

Og det var det så absolutt. Ho fekk med seg badeburkaen forstår eg ( og den var god å ha i dag, det kan me stemma i!)

8 badarar i dag, og 5,3 grader i vatnet.

Ein fantastisk himmel som lova godt for dagen, og eit løft for vår psykiske helse, var me

samstemde om!

Ha ein forykande fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Fullmånebad

Onsdagsbad Posted on Fri, November 30, 2012 07:39

Hei igjen!

OK, litt seint om onsdagbadet, men Jelsa har prioritet i heimen..

Kjekt julabord på omsorgsheimen forresten!

Onsdag og fullmåne!!

Ja, den var nok oppe på himmelen ein stad, men såg me ‘an?

Niks.

Godt skjult bak eit lett skylag.

Men morningen var der..

Torrt og fint på vegen ned, og 9 sjøbadarar samlast itte kvart.

Saman med to svaner, som igjen fann det best å skygga banen då dei litt større badegjestene

kom med sine badeender..

7,4 grader i sjøen og Astrid tilbake frå backpacking i Laos.

Stor temperaturforskjell på kort tid, men det gjorde godt å få kjølt seg litt ned.

Tid for endring.

Og me kunne feira Sten med sine 62..

Kake med lys som lyste opp i mørkret saman med jubilanten!

Gratla med vel overstått!

Idag var det snø på bakken…

Kanskje kvitt bad laurdag?

Me badast!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »