Hallaisen igjen!

Kaldt og flott idag, mellom minus 7 og 10 grader registrert i heimane, då me med ryggen mot snart ein fullmåne kunne ta turen ned mot Godalen denne morgonen..

Stranda låg klar, med eit islag i strandkanten.

Ellers glassklar sjø med ei gruppe ender som lurte på kva så var å hente..

8 sjøbadarar var snart på veg i badehabitten, og Susanne kom også ittekvart.

Lykta tent og uti med oss.

BRR.. Kaldt, ja, men ikkje verre enn at det rakk til eit par dukkertar.

Flott å liggja på ryggen og sjå opp i måneklar himmel, strødd med stjerner, og blå klarning i aust.

At det skulle bli rekordmåling i sjøen hadde me vel ikkje trudd, men 0,3 grader minus kunne me lesa av. Det er ikkje så gale som det høyrest ut.

Her er bildet som Sten tok av badebuksa si. “Standing tall.”

Klaka og klar til samanknekking.

Else og Sten dreg til varmare strok i morgon tidleg, så det vert litt av ei forandring.

Gjengen rundt bordet hadde mykje å fara med av allslags allvit. Som vanleg.

Susanne reiser tilbake til Danmark no etter helga, så me takkar henne og Rasmus for gode bademinner, så held me kontakten vidare. Rasmus er jo så flink til å ta bilder, så me gler oss til fortsettelsen..

Ha ein fortreffeleg fin dag!

Så badast me, kanskje alt på laurdag, til eit aldri så lite før-fullmåne-bad…

smileySvein Egil