Gudd day!

Nok ein onsdag og hausten er på plass!

Det stundar mor ekskursjon til Danmark, men før den tid, litt heimabading..

Idag vart me 9 badarar i sjøen, som igjen vart målt til 12,8 grader og 10,3 på land.

Blikkstille og tid til eit ekstra bad, då Hans kom diltande. Vel, iallefall ingen tjuvbading idag!

Meldingar i Lokalen om at det var kaldare enn på lenge rundt i Rogaland, men me fekk meldt ifrå at i Godalen stod det godt til.

Diskusjonen idag gjekk rundt syn, briller og laseroperasjonar, samt kortreiste turar til Afrika og USA.

Det veksla med regnbyger og opphald, men me fekk sitja ute i opphald helit fram te kaffikoppen var tom og andre sysler drog oss vidare..

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil