Onsdag igjen og klar for bad!

Melding tikkar inn om feiring av 15årsdag og fråver frå onsdagsbadet.

Ja, ja Gry, det får gå for denne gongen!

Mildver og klårt, med vermelding som seier kaldare og opphaldsver i kommande dagar.

Iallefall, ned mot Godalen og mørke stiar.

Framleis ein masse tare på stranda, men no var sjøen renska, klår og fin.

Ja, enkelte måtte ty til eit ekstra bad berre for å kjenna godt etter at – jo – dette var berre rett!

Estimerte 7 grader i sjøen, og 6 sjøbadarar i aksjon.

Me hadde ei kort visning av filmsnuttar frå Tastabadet m/avduking og Pål H. sitt innslag.

Diskusjonen rundt bordet i dag gjekk rundt bøker og samlemani..

Husk at du kan sjekka ut bøker du manglar på finn.no også…

Me badast!

smileySvein Egil