Huttemegtu!

Trudde eg, då eg opna gatedøra og skulle trø ut.

Det plaska skikkeleg, men grei temperatur rundt 12 grader.

Mørkt, skikkeleg mørkt. Og vått!

Men det var jo meldinga også!

Tanken går til Park og vei som har latt oss bruka naustet til byttebu.

Ein takknemlig tanke.

Minnest regn og sludd og klesbytte utandørs midtvinters.

Me e’ heldige.

Heldige oss, så har Godalen.

Kort sagt: Det var mørkt då me kom ned..

Men7 stykk vart det til slutt som tok turen uti.

12,8 grader i sjøen, så Zanzibarvarmen var ikkje heilt der, men ligavel..

God pludring rundt bordet, og me gleder oss stort til danmarksturen..

Det er jo betryggande at både reise ( Gry ) og ekskursjon ( Susanne) er skikkelig planlagt.

Sitt inn, lukk øynene og… enjoy!

Så var stunda over og vips så var det blitt lyst!

Me talast fredag…

🙂 Svein Egil