Hei igjen!

OK, litt seint om onsdagbadet, men Jelsa har prioritet i heimen..

Kjekt julabord på omsorgsheimen forresten!

Onsdag og fullmåne!!

Ja, den var nok oppe på himmelen ein stad, men såg me ‘an?

Niks.

Godt skjult bak eit lett skylag.

Men morningen var der..

Torrt og fint på vegen ned, og 9 sjøbadarar samlast itte kvart.

Saman med to svaner, som igjen fann det best å skygga banen då dei litt større badegjestene

kom med sine badeender..

7,4 grader i sjøen og Astrid tilbake frå backpacking i Laos.

Stor temperaturforskjell på kort tid, men det gjorde godt å få kjølt seg litt ned.

Tid for endring.

Og me kunne feira Sten med sine 62..

Kake med lys som lyste opp i mørkret saman med jubilanten!

Gratla med vel overstått!

Idag var det snø på bakken…

Kanskje kvitt bad laurdag?

Me badast!

🙂 Svein Egil