Så var det onsdag igjen – zumm – zumm

me hopp lystig i havet – bra det..

(fritt etter Svein Tang Wa).

5 sjeler med ein tanke .. sjøbad.

Mørkt på vegen ned, men eg ser ein skikkelse framføre meg..

og når eg kjem lengre ned ser eg fleire.

Aldri åleine i Godalen ein onsdags morgon.

Ei einsleg svane ligg ute ved stranda med hovudet gøymt i fjærdrakta.

Lettar på hovudet og lurer på kva fanken er her å sjå…

Jo. fem fornøyde badesjeler som er klare for eit vindunderleg morgonbad.

Himmelen teiknar seg med raudt i aust og lovar soloppgang til frukosten.

Me kler oss på pynten i dag..

Uti med oss, i ein stille sjø, etter gårsdagens blåst.

10,6 grader i vatnet.

Jo, det er haust!

Lystig diskusjon rundt bordet,med roser på agendaen. Og eit lett duskregn sveipa øve oss.

“Ei med alt..” Begrepet fekk nytt innhald!

Så til dagens dont!

Ha ein flott dag!

Me badast til helga!

🙂 Svein Egil

sdfsd