Jadda!

Temperaturen ute mellom 7 og 8 minus, klarver (i alle fall stjerner i sikte) og

klokkå passerer 6. Tid for å stå opp.

Opp og hopp!

Kler på, kaffi på kok, niste i boks, ta med nokre klementiner, badety og ytterkler.

På med HUÅ, den grønne. Kjennemerket må vera med.

Sko med god plass, det er kaldt i dag.

På veg mot Godalen. Berre to som kjem ned til bua, men…

me høyrer stemmer oppi bakken,

Stormlampen tent og klar.

Inn i hole rom.

Kler av, badeburkaen liver i kjennsleg kulde.

Temperaturmålaren triv ein med i farten og slenger begge uti.

Sistemann kjem, og me ventar. Melding frå Gry at ho sit på flyet til Oslo.

Torhild sender melding frå varm seng.

Dyna klarte å overtala …

Uti med oss.

5 badarar som kliv uti eit krystallklart vatn som etter kvart stig ein til lenden og me synk nedi

det våte, som klart er varmare enn lufta.

2,5 grader pluss i dag.

Me lengtar mot land og turre kler.

Fingrane er ekstremitetane som ikkje klarer det kalde vatnet så lenge.

Valne fingrar triv badeburkaer og handkler.

Me får kler og varme på plass og kan etter kvart samla oss rundt stormlykta ute.

Bakane godt plassert på varmeplater og anna sitjande.

Tid for diskusjon og deling av nytt og gamalt, lått og løye.

Plusstid til vår livskonto, og eit pusterom i kvardagen.

Fyllestasjon for livets batteri ( nei nå må eg stoppa).

Havrekjeksen til Astrid, med nyskava brunost… Har du prøvd?

Mmmmm…

Tida går fort i godt lag, og når me reiser oss og gjer oss klare til dagens dont, ser me

ei klårning i aust. Dagen er på gang og me dreg vidare. Kjempeklare for nye utfordringar!

Tema for dagen: Mestring – berre prøv!

Ha ein god dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil