Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Hoppidetbad

Lørdagsbad Posted on Mon, April 22, 2013 21:33

Hallaisen Godtfolk!

Akkurat nå pøsregner det ute.

Det er mandag og snart fullmåne.

Etter månader med kulde og tørke ser det ut som det er løysing på gang.

Men utan tvil er det behov for mildever og vatn.

No vil det grønkast på jorder

og lauvast i li.

Og lika sikkert nærmer det seg ryddedag på strondi.

Denne veka er det ryddeaksjon på Storhaug, og styret har satt

ryddedag onsdag 24. kl. 1800.

Dei skaffar søppelsekkar og eingongshanskar og me tek med litt anna verktøy og trille, så vert det fort ryddigt.

Still opp!

Bad etterpå for dei som vil ( Måneskinnsbad omtrent då det er fullmåne).

Kl. 1930 er det konsert i Hetland kyrkje for dei som likar songar med tekst av Karin Boye.

Sten melder at Friluftsmagasinet meldte om strandryddedag til helga, så der passar me godt inn.

Have a look!

Gunnar helsar også og melder at dei tar imot bestilling av “kaffivott” på Sjøhuset.

Send e-post til Gunnar om du vil halda deg varm og god når “kaffien” skal nytast.

Sjøl var eg på Jelsa-evenement denne helga, men fekk tilsendt bilete frå

lørdagens økt.

14 sjøbadarar og ein badevakt slo til, med 5,5 grader i sjøen.

Her bilde Jorunn sende frå lørdag:

Ha ein fin veke.

Me badast og ryddast på onsdag!?

smiley Svein Egil



Skiltbad

Lørdagsbad Posted on Sun, April 14, 2013 18:09

Helg igjen og tid for lørdagsbad.

Hallaien!

Tre sjøbadarar og ein badevakt på tur te London (Jamie’s)

får melding frå Sten:

Hei!


Hadde apparatet med meg på lørdagsbadet for å sikre noen bilder fra dagens store begivenhet.
Godt oppmøte på miljøstasjonen, og det var godt med stoler å slappe av i mens en ventet på avmarsj til Godalen.

Da me kom te Strømsvik, fikk vi (uten av vi visste det) øye på den første av dei nye spanske baderne. Stående på et seilbrett – eller padlebrett.
Da vi nærmet oss klubbhuset kunne me alt på lang avstand skimte skiltet som var satt opp i løpet av morgenen av “den frie anarkistiske skiltgruppen” som gjør alt for å skilte seg ut. Etter nøye vurdering av kontrollkomiteen ble skiltet godkjent!.

I dag var vi også flere som skifta klær ut enn dei som var inne. Noe som bordet var et synlig bevis på. I alt 18 badere var vi i dag, og den spanske kolonien var på 3 stk (vener av Fransisco). Som vanlig var det et godt bad, 5,2 grader ble målt av Bodil som tok en ekstra svømmetur langt ut i Gandsfjorden for å få temperaturen til å bli lavest mulig (minst 5 meter).

Frokost og kaffe ble servet etter gammelt mønster. Niels holdt et kort foredrag om design, framdrift, kreasjon og tekniske detaljer angående opphenget av skiltet – til stor applaus. Dagfinn hadde frokosten sin med seg, og så juksa han litt med persille. 18 stk. i sjøen i dag, og sola skinte litt på oss og – og me nøyt det fina veret.”


Og bildene var lagt med..


Så var me tilbake, og kan gleda oss te Godalsbad..

Fiina veret!

smileySvein Egil



Aprilværsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, April 07, 2013 15:17

Jeg velger meg april!

av Bjørnstjerne Bjørnson


“Jeg velger meg april

I den det gamle faller,

i den det ny får feste;

det volder litt rabalder,-

dog fred er ei det beste,

men at man noe vil.

Jeg velger meg april,

fordi den stormer, feier,

fordi den smiler, smelter,

fordi den evner eier,

fordi den krefter velter,-

i den blir somren til!”

Treng me seia meir!!

5,4 grader i sjøen, 5,3 på land og 18 smilande sjøbadarar

på plass, saman med 2 svoltne svaner.

Noko i emning..

Me badast!

smileySvein Egil



Ettervanndagbad

Lørdagsbad Posted on Wed, March 27, 2013 09:27

Hei folkens!

Eit lite reisebrev frå sjøbadar på påskeferie..

Litt sein rapport frå lørdagens bad, men dog..

Oppdaga at fredag den 22. var Verdens vanndag.

Av alle dagar!!

2 dagar etter Vårjamndøger..

Okei då!

Fekk MMSbilder frå lørdagens bad der Jorunn melder om 4,3 grader og sulande solskin, og

stadigt nye sjøbadaransikter å sjå. Flott!

Idag, onsdag 27.mars, er det fullmåne, og kanskje tid for eit fullmånebad, for dei som

får med seg onsdagsbadet i Godalen.

Her på Jelsa er det satt opp Påskeaftenbad i Boggistraen, så det er berre å stilla!

Ha ein fin påske!

smiley Svein Egil



Nybordsbad

Lørdagsbad Posted on Sat, March 16, 2013 17:15

Hallaisen!

Lørdagsbad og ute på tur.

Går det an?

Melding på mobilen at badegjengen er på gang.

Etter samling ved Varden

går turen raskt vidare til Godalen.

Det kjem samtidig fleire godmeldingar:

Ein ny badar og to badevakter stiller opp til start!

Flott!

og så når dei kjem til Godalen:

nye bord og benker frå Park og vei! Godt jobba!

Det var kjekt å få litt fornying av infrastrukturen på badeplassen også!

Så er gjengen i gang..

Mange glade og fornøyde fjes å sjå.

13 badarar i sjøen, to badevakter og 3,9 grader.

Jo, ein kan sei at det er ein vår på gang, …. ein stad..

Frå Karen og Ina i Trondheim kjem det melding:

“Badeenglane i Trondheim e i protest og true med utbryting og stiftelse av ny badeforening. Uten “dragar. Dei har vedtatt at det nya navnet er for agressivt og ungdomen vil halda badinga harmonisk og balansert.”

Styret melder at dei vil komma med eit svar ( Motbrøl).

Dette tyder jo på at me vil gå ein heit vår i møte, “slik som ungdomen likar”…

Men på Jelsa skin sola:

Ha ei flott helg!

Badehelsing frå

smileySvein Egil



Vårbad

Lørdagsbad Posted on Sat, March 09, 2013 13:20

Goddagen folkens!

Fiina veret!

Greitt å seia, godt å erfara!

Me er jo heldige som kan nyta dette ein lørdags morgon.

Snøklokkene stod kvitt i sørhellinga rundt Strømvik, og ei lett krusning på sjøen.

Idag med mange sjøbadarar, heile 18 stk. i sjøen.

I det fina veret var det flott å skifta utandørs, og badeburkaen vart lagt klar til etterbadetid.

Klare til bad og uti med oss.

3,4 grader i sjøen i dag. Sten tok bilder frå sjøen, så han sender nok nokre blinksskudd.

Sjølv filma eg ein snutt som eg legg inn seinare. Her…

God stemning rundt bordet. Jorunn demonstrerer sin nye koppvott. Det kan bli ein slager

i badegjengen.

Paco frå Spania var innom frå første gong og såg ut til å trivast. Alltid kjekt med nye ansikt i badegjengen.

Ha ein god dag vidare.

Me badast!

smileySvein Egil



Årsmøtebadetderpå

Lørdagsbad Posted on Mon, March 04, 2013 16:48

Joda, lørdag er badedag!

Sjølv om ein har vore på årsmøte i sjøbadeforeninga til tidlige morgonstund..

Takk for eit flott årsmøte, med gode talar, fantastisk åresalg og tilhørande premiebord!

Det var fleire som gjekk derifrå med meir enn då dei kom, sjølv om enkelte var meir i andre kategorien: Å ja, det er mitt….

Lørdag og tid for bad!

Samling og tur rundt med sjøkanten!

Merkar fort at det er ein annan temperatur i lufta denne lørdagen, for svetten rann då me kom fram til Godalen, og rett nok, 5-6 varmegrader er anna en dei gradene som er på minussida.

Gjengen auka fort på, og me talte 14 stk til saman ( 2 badevakter inkludert).

Det gjorde godt å få dyppa lauken denne dagen, og ikkje minst kålen på toppen.

Kjenner at det lysnar etter ei kort søvnprosjekt.

Fort uti, ein plaskerunde, or vatnet og så på med badeburkaen.

Leskelegt og godt!

3,4 grader i vatnet seier sitt.

Det har skjedd ei endring på kort tid.

Det yrande livet (i lufta) gjer at me trekk innandørs denne dagen, opnar naustdørene og

syng for yr hals gamle viser og stubbar.

God gang i gjengen!

Etter kvart må me venda nasen mot “kringla heimsins” og..

Me badast!

NB! Merk av på kalenderen: Badetur til Lyngør fyr 4.-7.oktober. (Første helga i haustferien).

smileySvein Egil



Kaldbad

Lørdagsbad Posted on Sun, February 24, 2013 13:05

Goddagen igjen!

Så var det helg igjen, og ei flott helg på gang.

Fiina veret, og kjøligt i lufta.

Månen heng klar på himmelen og nærmar seg full (mandag).

Med plastposane trygt i miljøstasjonen er me snart på veg rundt langs sjøen.

Me konstaterer is i Hillevågsvatnet, og rundar neset med ei blank sjøflate speglar ryfylkefjella mot oss..

Godt kledde og snart klare for bad.

14 sjøbadara er fort samla og trør i sjøen.

Burkaene på når ein ventar på at alle skal bli klare.

Eit svanepar trippar inn på land og sjekkar ut mulighet for litt føde..

“Badedamer on the rocks”

Idag målte me 0.2 grader i sjøen, så det var kaldt nok.

Flotte damer som tar tak, is er ingen hindring.

Så kjem me til frukostbordet og niste og drikke kjem fram.

Me kjenner at sola varmar i nakken og kan konstatera at jo..

nok ein godt bad i godt lag.

Ha ei fin helg.

Så, søndag formiddag kjem det SMS’ar frå styreteamet på tur:

Torhild, Gry, Johanne, Bente og Jorunn sender bilder og melder at

det er søndagsbad på Jelsa.

Kjentkvinna sjekkar temperatur og dybde..

Slett ikkje verst nei!

Seier!!

HMSansvarleg ryddar skarpe isflak og godkjenner klart for bad.

Jess, I did it!!

Så har dei tydeligvis hatt ein flott tur, med godver og isbad.

Isklåre til nytt årsmøte.

Jess!!

Me badast!

smileySvein Egil



Popquizbad

Lørdagsbad Posted on Mon, February 18, 2013 07:50

God morgon!

Helgå er slutt og det same er vinterferien for dei som nytta den.

Fina veret, med ei litt tåkete avslutning.

Og helg er bad i Godalen.

Sjølv drog eg inn fjorden til perlå i Ryfylke – Jelsa.

WV-gjengen kom etter og me fekk ein fin finale på veka.

Deltagelse i pop-quiz toppa besøket, der det gjekk greitt nok.

Me rauk ut etter grei innsats mot ein betre motpart. At programleiaren meinte me var like raske i responsen som ein vareheis tok me med eit smil…smiley

Nok om det..

Meldingane tikka inn frå Godalen om gode mottakarforhold:

Gry, Sten og Torhild gav gode tilbakemeldingar.

Lykke til, og hils Finn fra Godalen.

10 badere og 3 grader i sjøen.

Då er det tilbake til kvardagen og..

onsdagsbad i Godalen.

Me badast!

🙂 Svein Egil



Utorsjøenbad

Lørdagsbad Posted on Sat, February 09, 2013 12:08

Guddagen!

Tenk, lørdag igjen..

og klar til badesamling.

Og kem møtte me i gata på veg ut..

jo Sten Thailandsfarar. Lett brun i skrotten og klar til eit klårande bad.

Itte 12 timar i lufta og landing kvelden før er det godt gjort å ta turen ut i minusgrader, men finver.

Isen ligg i Hillevågsvatnet, men iskanten legg seg like uti bukta.

Ein gjeng med ender har samla seg i iskanten, nett som oss sjøbadarar, klåre til bad.

Og som vanleg, nærmar me oss Godalen så aukar flokken på, Ja eg snakkar om sjøbadarar..

Idag var det 11 sjøbadarar samla rundt bordet, og tydeleg at ordskifte gjekk hett rundt borda..

“Flate steinar er gode å kvila på”.

enda opp med..

“Kalde sjø er god å gå or”.

Dette kan vera eit badiversalt motto for badegjengen.

3 grader i sjøen i dag.

Ha ei flott helg!

Me badast !

smileySvein Egil



« PreviousNext »