Joda, lørdag er badedag!

Sjølv om ein har vore på årsmøte i sjøbadeforeninga til tidlige morgonstund..

Takk for eit flott årsmøte, med gode talar, fantastisk åresalg og tilhørande premiebord!

Det var fleire som gjekk derifrå med meir enn då dei kom, sjølv om enkelte var meir i andre kategorien: Å ja, det er mitt….

Lørdag og tid for bad!

Samling og tur rundt med sjøkanten!

Merkar fort at det er ein annan temperatur i lufta denne lørdagen, for svetten rann då me kom fram til Godalen, og rett nok, 5-6 varmegrader er anna en dei gradene som er på minussida.

Gjengen auka fort på, og me talte 14 stk til saman ( 2 badevakter inkludert).

Det gjorde godt å få dyppa lauken denne dagen, og ikkje minst kålen på toppen.

Kjenner at det lysnar etter ei kort søvnprosjekt.

Fort uti, ein plaskerunde, or vatnet og så på med badeburkaen.

Leskelegt og godt!

3,4 grader i vatnet seier sitt.

Det har skjedd ei endring på kort tid.

Det yrande livet (i lufta) gjer at me trekk innandørs denne dagen, opnar naustdørene og

syng for yr hals gamle viser og stubbar.

God gang i gjengen!

Etter kvart må me venda nasen mot “kringla heimsins” og..

Me badast!

NB! Merk av på kalenderen: Badetur til Lyngør fyr 4.-7.oktober. (Første helga i haustferien).

smileySvein Egil