Ja, akkurat – NYTE!

Her vakne me opp og ser ut i eit blått himmelhav!

Blå himmel, sol og kaldt.

Minus 7 grader viser gradestokken, og det er berre å gjera kaffien klar og

smøra frukostpakken.

Søren, badeskoa låg ute og er klaka. Hiv dei i ein påse, så får me sjå.

Med plastpåsane i handa startar turen mot miljøstasjonen og..

nei, der var me visst åleine.. i nokre sekund.

Så er me på vegen.

Hillevågsvatnet ligg med is, og sola står imot. Flott syn når gjengen rundar neset og

Godalen ligg klar med speilblank sjø.

Simon sende dette bildet!

For eit syn.

Så er døra open og me er med eitt blitt 19 stk.

Nokre er raskare enn andre og lørdagsbadet er i gang.

Dei fleste tek rett ut i stranda, medan nokre av mannfolka tek turen ut til trappa og legg

på svøm.

Kaldt på hendene i dag, og eit islag ligg på vassflata utover.

Men det vert berre 4,3 grader i sjøen.

Så på med badeburkaen og av med badebuksa.

Nokre kler på seg ute i sola, ekstra bordplate kjem ut og snart er tre bord dekka.

Kaffitermosen oppe og godsaker tar runden rundt bordet, den eine svingen etter den andre.

Så er drøsen i gang og helga har så vidt starta.

Ha ein feiande fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil