Hallaisen!

Lørdagsbad og ute på tur.

Går det an?

Melding på mobilen at badegjengen er på gang.

Etter samling ved Varden

går turen raskt vidare til Godalen.

Det kjem samtidig fleire godmeldingar:

Ein ny badar og to badevakter stiller opp til start!

Flott!

og så når dei kjem til Godalen:

nye bord og benker frå Park og vei! Godt jobba!

Det var kjekt å få litt fornying av infrastrukturen på badeplassen også!

Så er gjengen i gang..

Mange glade og fornøyde fjes å sjå.

13 badarar i sjøen, to badevakter og 3,9 grader.

Jo, ein kan sei at det er ein vår på gang, …. ein stad..

Frå Karen og Ina i Trondheim kjem det melding:

“Badeenglane i Trondheim e i protest og true med utbryting og stiftelse av ny badeforening. Uten “dragar. Dei har vedtatt at det nya navnet er for agressivt og ungdomen vil halda badinga harmonisk og balansert.”

Styret melder at dei vil komma med eit svar ( Motbrøl).

Dette tyder jo på at me vil gå ein heit vår i møte, “slik som ungdomen likar”…

Men på Jelsa skin sola:

Ha ei flott helg!

Badehelsing frå

smileySvein Egil