Goddagen folkens!

Fiina veret!

Greitt å seia, godt å erfara!

Me er jo heldige som kan nyta dette ein lørdags morgon.

Snøklokkene stod kvitt i sørhellinga rundt Strømvik, og ei lett krusning på sjøen.

Idag med mange sjøbadarar, heile 18 stk. i sjøen.

I det fina veret var det flott å skifta utandørs, og badeburkaen vart lagt klar til etterbadetid.

Klare til bad og uti med oss.

3,4 grader i sjøen i dag. Sten tok bilder frå sjøen, så han sender nok nokre blinksskudd.

Sjølv filma eg ein snutt som eg legg inn seinare. Her…

God stemning rundt bordet. Jorunn demonstrerer sin nye koppvott. Det kan bli ein slager

i badegjengen.

Paco frå Spania var innom frå første gong og såg ut til å trivast. Alltid kjekt med nye ansikt i badegjengen.

Ha ein god dag vidare.

Me badast!

smileySvein Egil