God morgen!

Ei lita julehelsing frå badenissen!

Ja, ikkje det at eg har nissa i badet… høh..

Rare tider for oss som er blitt litt uvante med snøfall og kolonnekjøring.

Ligavel, ein godt klede gjeng samla seg frå ulike kantar nede i Godalen denne morgonen også.

Eg talte til 14 badarar og ein oppsøkande danske ( Fl..) som stua seg inn i naustet, til eit aldri så lite julabord. Når alle tar med litt blir det mye av alt, på ein måte.

Men først..

4,7 grader i sjøen denne laurdagen. Og som du ser så er det ikkje mangel på entusiasme når ein badar!

Me feira også Torhild litt på førehand, som fyller 60år ..omtrent på denne tida..

Travle førjulstider, men det kjennes heilt rett med denne fristunda her nede ved vannkanten, kjenna litt på elementene..

Apropos det, det var så pass mye elementer denne dagen at sjøen slo inn under naustdøra og skylla over golvet. Ka gjer vel det..

Me sørga for å halda beinå høgt ( leggja de øve ein krakk eller lignande )

Slagord for dagen: Tørr champagne mot våte golv er tingen.

God og variert julefrukost med ein svært trivelig badegjeng.

Kanskje me badast før jul?

..og, eg merkar meg at det er fullmåne fredag den 28.desember.

Kanskje eit fullmånebad på tampen av året?

Ha ei fin førjulstid!

smileySvein Egil