Javel?

Snø i lufta og gradene rundt minus 1.

Det er duka for bad i Godalen, og badety og termos blir gjort klar.

Der er ein fin gjeng som svinsar rundt Strømvik og registrerer at isen har pakka seg inn mot Hilllevågsvatnet. Sørleg vind samlar isflaka.

Me rundar neset og ser inn mot Godalen:

Rundt naustet har ein gjeng samla seg.

Fort er me 14 badarar som skal kle seg om, og det vert trangt og svært sosialt i naustet.

Herrene i sin avdeling og damene i den største salen.. Dei er jo alltid i fleirtal..

Naustdørene vert opna i dag, då det er lett å hiva seg direkte uti vinterbølgene.

0,6 grader er det i sjøen utafor, og alle tek seg turen uti her, før andre prøver seg på

isødet i stranda. Bad 1.. 2.. 3..

Simon balanserar seg utover isflaka før han går i sjøen.

Og me får ein familiefar på tur til å ta bilder for oss når me hiv oss rundt.

Minus 1 grad vert det målt uti isflaka.

Det kjennes mest på fingrane at det er kaldt i vatnet. Dei svinn og vert lite brukande når blodet trekk seg bort. Rart å kjenne.

Så opp og badeburkaen på.

Da kjem varmen og me hiv av oss kaldt badety og tørre kler kjem på.

Høg stemning i naustet, og me bestemmer oss for at været er ikkje verre enn at me sit ute i dag også.

Litt antydning til snø i lufta, og drøset går som alltid godt.

Simons says:

Dette må være som å bade i en Gin & tonic m/is.

Ha ein flott dag!

Me badast!

smileySvein Egil