Hallaisen Godtfolk!

Akkurat nå pøsregner det ute.

Det er mandag og snart fullmåne.

Etter månader med kulde og tørke ser det ut som det er løysing på gang.

Men utan tvil er det behov for mildever og vatn.

No vil det grønkast på jorder

og lauvast i li.

Og lika sikkert nærmer det seg ryddedag på strondi.

Denne veka er det ryddeaksjon på Storhaug, og styret har satt

ryddedag onsdag 24. kl. 1800.

Dei skaffar søppelsekkar og eingongshanskar og me tek med litt anna verktøy og trille, så vert det fort ryddigt.

Still opp!

Bad etterpå for dei som vil ( Måneskinnsbad omtrent då det er fullmåne).

Kl. 1930 er det konsert i Hetland kyrkje for dei som likar songar med tekst av Karin Boye.

Sten melder at Friluftsmagasinet meldte om strandryddedag til helga, så der passar me godt inn.

Have a look!

Gunnar helsar også og melder at dei tar imot bestilling av “kaffivott” på Sjøhuset.

Send e-post til Gunnar om du vil halda deg varm og god når “kaffien” skal nytast.

Sjøl var eg på Jelsa-evenement denne helga, men fekk tilsendt bilete frå

lørdagens økt.

14 sjøbadarar og ein badevakt slo til, med 5,5 grader i sjøen.

Her bilde Jorunn sende frå lørdag:

Ha ein fin veke.

Me badast og ryddast på onsdag!?

smiley Svein Egil