Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Strandryddebad

Lørdagsbad Posted on Sun, April 27, 2014 18:54

Fiina veret!

Ja, slik går nå dagan…

Herrligt med det flotta veret denne helga.
Det er nok fordi me fortjene det..

Det må iallefal nytast medan det er her.

Lørdag intet unntak!

Tydeleg at skulane har vore på ryddetur, for det var ikkje mykje att.
16 sjøbadarar og 2 badevakter sørgar for at det vert rydding før bad.

Godt aktivitet og det blir ein god del sekkar, samt flytting av sand.

“Kom i Koster-vals…..” Dansbar feiegjeng!

Så overtok Torhild fotograferinga:

På veg ut til ny badetrapp på neset. Begge tappene er no nye og gjer oss fleire muligheter.
Takk til Park og idrett. No er det berre stupebrettet igjen.

Flott badever.

Så skimrande var havet…

Og me kjenner ein svalande bris.

Men ingen hindring for eit strandbad til..


Og badetemperaturen var…
10,1 grader.
Badegutta denne lørdagen. Klart i mindretal, iallefall i antall..

Rosabader observert på stranda.

Og ein kunne nyte sola i naustveggen eller..
langs bordsettinga. Mykje godt gjekk rundt bordet og tydeleg vårstemning med masse folk i Godalen.

Else tok godt vare på eit andepar som var svært så nærgående.

Ha ei flott helg og ta vare på vårstemninga.

Me badast!

smileySvein Egil



Påskeaftenbad

Lørdagsbad Posted on Sun, April 20, 2014 12:57

smiley

Treng me seia meir?!

Fin påske og godver på(i) sjø og land.

Merete melder frå Godalen:
Påskestemning
Badere i påskesol.


1 splitter ny bader. 8.2 grader og helt nydelig,
6 badere og 1 badevakt.

Me kosar oss på Jelsa denne påsken også og nyttar høvet til bad:

Godt med selskap og høg stemning i Boggistranda på Noresjøen.

Med godt om badevakter..

Ha ein fin påske vidare og kjør forsiktig!!

Me badast!

smileySvein Egil



Russedåpbad

Lørdagsbad Posted on Sun, April 13, 2014 11:11

Hallaien!

Nå e det påskeferie!

Har starta med skikkeleg påske(u)ver.

Og Godalsbadet intet unntak.

Vått og forblåst denne lørdagsmorgenen.

Og tydelege merker etter russedåp.

Tydeleg at det har skjedd ein oppgradering, med mobilt toalett, partytelt og kassevis av musserande. Jo det var også andre ting som me kan ta ein annan gong.

Blir litt oppgitt når eg ser det med ein gong, men ser at dei har anstrengt seg for å gjera dette
ordentlig. Reknar med at det er ein ryddegjeng på gang.
og.. kunne iallefall ikkje sjå knuste flasker og glasskår.
Det er jo det ein fryktar mest.

Men det var tid for bad i eit regnspetta bylgjehav.

Fleire uti for 2.bad, og me kunne registrera:

7 badarar, 1 Rhodesian Rigdeback, 7,5 grader i sjøen og lite sol.
Godt forfriskande bad og frukosten vart tatt innandørs.

Tema denne morgonen vart litt surmaga klage på ungdommen (kom seg etter kvart) og
fødslar av ulik art. Både spanande og interessant.
Ulike opplevingar med svært ulike vinklingar, av naturlige årsaker.

Det er påsketider og badedragen helsar alle sjøbadarar!

Ha ein flott påske, om det er til fjells, til vanns eller meir urbant.

Me badast!

smileySvein Egil



Svanebadfor11damer

Lørdagsbad Posted on Sun, April 06, 2014 14:08

Heisan!

Helg og aprilvær..

Det vil seia litt av kvart.

Eg sit på Jelsa og pustar ut etter dugnadshelg på “Brødrene”.

Godt oppmøte og mykje godt arbeid unnagjort.

Så rapporterar Torhild frå Godalen:

Nesten rett fra fest til Godal, behov rolig start og så et bad: beste kur for raskt tilbake i form:). 11 damer og 2 svaner i dag, 7,6 gr i sjøen og frokost i bua. Som vanlig en god start på lørdagen- fortsatt god helg. Torhild

Og bilder fulgte med..

Her har Gry sikra seg hovedsetet i “mannegarderoben”. Ser ut som det behager..

Ei kokett samling av badedamer, eller..

og så.. 11 badedamer og 2 svaner. Ser ut som dei er klare til å paradera.

Flott bilde!

Ingen tvil om at sjøbad er tingen!

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Vårbad

Lørdagsbad Posted on Mon, March 31, 2014 16:19

Hei alle våryre!

Så kom då endeleg den helgå me venta på…

Med sol i hellinga og bølgeskvulp..

Apropos sol i helling..

Her hadde påskeliljene funne seg ei vårvarm solhelling.
Heilt gult nedover sida mot sjøen.


5 stykker vandra langsmed vannkanten, men vart fort fleire..


Badegjengar både her.. og

der.

Det er godt når ein endeleg kjenner at sola varmar ein vinterbleik kropp.
(Eg snakkar om min eigen..).


Kjem ein litt seinare er det alltid tid for eit “solidaritetsbad”.

Og så var det å få på seg tøyet og sikra seg ei plass i sola.


Merete hadde med ei “silkekake”..
Kjempegod! ..og heilt utan grunn…

Mmmmm….

og solveggen fekk også sitt. Påskestemning.


Glømte eg å nevna temperaturen.

Her er det sumar!

..og onsdag er det soloppgang kl. 07:06

Muligheter for eit soloppgangsbad…

Me badast!

smileySvein Egil



Gratlameddagenbad

Lørdagsbad Posted on Sat, March 08, 2014 16:19

8.mars!

God morgon alle kvinner og gratla med dagen!

Tydeleg at det er viktig å halda fram med kampen om kvinnenes rett til lik
behandling på mange plan!

Mykje godt er gjort, men det står mykje att!

Idag gjorde det godt å vakna opp til opphaldsver og turre gateløp.
Det vekslar fort.

Sit og høyrer på Eva Cassidy og Kathy’s song. Flott versjon!

Flott bakteppe til å skriva nokre linjer på bloggen og sikra
8.marsutgaven 2014.

Godt oppmøte då me runda neset, så me samla benkene med det same.


Greit ver tl å skifta ute, så fleire valgte det i dag!
Kjenner at sola er i ferd med å gjera godt!

Me er på ferd mot sommar og varmare tider, men fysst..


er det ut i vatnet! 18 vinterbadarar uti idag og målinga stoppa på 4,6 grader.


8.mars bad og her er det feiring te vanns!

og likeeins rundt frukostbordet!

Fleire bad og både stranda og trappa i bruk, denne flotte “vårdagen” i Godalen.
Rundt 9 grader i solveggen.

Travle tider.

Fleire skulle fortsetta dagen i by’n med tog og appellar.

Me tok ein tur innom kolonihagen i Ramsvik, som var prega av flom og overvatn, men


Våren er i tjømda!

Ha ei flott helg!

Me badast til onsdag!

Då er det soloppgang kl.07:03

Perfekt for eit soloppgangsbad!

Det er bestilt klarver og stor oppleving.

smileySvein Egil



Marsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, March 02, 2014 18:08

Helg, oh helg!

Langhelg på Jelsa denne helga for meg.
Kjenner at våren er undervegs.
Rosebuskane har skutt ut fleire centimeter – 1.mars…

Jorunn melder frå Godalen at ho har bada, men laga korte filmsnuttar..

Okej då! Ny mobil må podast inn..

Då kjem det melding frp Torhild:

En flott lørdag første dag i mars. 15 badere idag og gradestokken nærmer seg nesten sommer. Etter bad og frokost gikk turen videre, sola skinte og alle var enige i at det var en fin dag:-).

Og med følger det bilder:


Flott samling!


Vegen heim!

Og kvileplassen!

Ha ei fin fastelavn!

Me badast!

Og.. onsdag står sola opp
Kl.07:23

Kanskje eit soloppgangsbad!

smileySvein Egil



Jentutnbad

Lørdagsbad Posted on Sat, February 22, 2014 13:34

Halloien!

Lørdag og samling i disse OL-tider.

Ikkje rundt TV-apparatet, men med plastposane i hendene, i sameining rundt
miljøstasjonen, på veg mot oppstandelsen (ref. Helge Dagfinn).

Og som sedvanleg, me starta i småregn som slutta fort.

Fin tur langsmed Hillevågsvatnet og rundt før me såg mot Godalens bredder..

Kor e’ Usken og Uskenkalven?? Her trengs det kart og Tonje vert utfordra.
Me må bli sikrare i vår kunne om nærmiljøet og det me ser rundt oss.

Menge fremmøtte idag og ein ny sjøbadar. Tilsaman var me 19 badarar i sjøen, som idag kunne målast til..

4,5 grader. Ein kjenner at det er graden kaldare den siste veka. Litt råare når ein senkjer seg ned i det våte element.


men ikkje dermed sagt at det vert kortare bad..

Klårt vatn og fleire som bada meir enn ein gong, både i stranda og..

ved trappa.

Anar ein sydenstemning i helga før vinterferien?


Uansett godt å samla seg i naustet etterpå. Høg stemning som vanleg.

..og mykje godsaker vart delt rundt bordet.

Var greitt å setja opp ein planke i naustdøropninga, så kunne fleire “vagla” seg.

Så medan me sat her og “vakna” etter eit godt sjøbad, kunne me vandra heimetter og
få meldt at “jentutn” hadde sikra Noreg både Gull, sølv og bronse.

Det verka!

Me må meir på tur!

Ha ei fantastisk helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Fullmånebad

Lørdagsbad Posted on Sat, February 15, 2014 16:26

.. eller Nachspiel..

Klokka 10 vart det atter tømming av glas og plast på miljøstasjonen Varden.

Svært mye glas i dag, av ein eller annan grunn.

Litt regn i lufta, men på ein dag som dette er det berre forfriskande å få
litt vatn i gjellene.

22 ( 1 badevakt)

5,4 grader i sjøen

Etter ei svært uroleg natt med kraftige vindkast, vart det eit heller

roleg bad, med bading både i strand og i trapp.

Stort og godt oppmøte etter seint årsmøte!

og 1 ny badar, Solveig! Velkommen

samt ungdomsfylkingen med solid foresterkning fra søstrene Aase.

Godt å sjå så mange friske sjeler etter gårsdagens samling.Folksamt i gaderoben, så her er der behov for å sjå på utvidelsesbehovet..

Med litt regnvær i lufta vart det naustfrukost, med dørene oppslått og høg frukoststemning.



Laban leverte deilige damer. Seige og gode.. med alt tilbehør!

Tydeleg ein svært aktiv gjeng som strauk vidare på festlig lag i alle retningar.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



OLbad

Lørdagsbad Posted on Sun, February 09, 2014 12:49

Joda, OL har starta!

Men me ser jo heller fram til eit fargerikt laurdagsbad i
Godalen.

Det kan ikkje setjast på opptak.
Det må opplevast!

Eg sjølv sit på Jelsa og kosar meg med helgelivet og ein heimkomen fader.

Då melder Jorunn og Torhild seg:


Jorunn melder: Klare for avmarsj Varden

Og Torhild sjekkar badeforholda..

Her er gjengen som tar bad nr 2, og etter bad er d godt m varme klær:).

Arvid er godt førebudd!

Og Jorunn avsluttar med eit gruppebilde frå seansen rundt frukostbordet.

Og melder: 12 i sjøen og ein badevakt. 6,4 grader

Godt å sjå dei mange friske blide fjes..

Ha ei flott helg!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »