Halloien!

Lørdag og samling i disse OL-tider.

Ikkje rundt TV-apparatet, men med plastposane i hendene, i sameining rundt
miljøstasjonen, på veg mot oppstandelsen (ref. Helge Dagfinn).

Og som sedvanleg, me starta i småregn som slutta fort.

Fin tur langsmed Hillevågsvatnet og rundt før me såg mot Godalens bredder..

Kor e’ Usken og Uskenkalven?? Her trengs det kart og Tonje vert utfordra.
Me må bli sikrare i vår kunne om nærmiljøet og det me ser rundt oss.

Menge fremmøtte idag og ein ny sjøbadar. Tilsaman var me 19 badarar i sjøen, som idag kunne målast til..

4,5 grader. Ein kjenner at det er graden kaldare den siste veka. Litt råare når ein senkjer seg ned i det våte element.


men ikkje dermed sagt at det vert kortare bad..

Klårt vatn og fleire som bada meir enn ein gong, både i stranda og..

ved trappa.

Anar ein sydenstemning i helga før vinterferien?


Uansett godt å samla seg i naustet etterpå. Høg stemning som vanleg.

..og mykje godsaker vart delt rundt bordet.

Var greitt å setja opp ein planke i naustdøropninga, så kunne fleire “vagla” seg.

Så medan me sat her og “vakna” etter eit godt sjøbad, kunne me vandra heimetter og
få meldt at “jentutn” hadde sikra Noreg både Gull, sølv og bronse.

Det verka!

Me må meir på tur!

Ha ei fantastisk helg!

Me badast!

smileySvein Egil