God kveld!

Ei lita bademelding sånn litt på tampen av badelørdagen..

Tilbake frå Bønnaband og Dag sin opptreden på Residence i Sandnes.
Latin-Amerikanske rytmer m.m..
God stemning og godt samspilt band med Dag og ein kvinneleg vokalist frå Argentina som sang på portugisisk..

Men i dag tidleg var me meir i vinden..


Ole var fysst på miljøstajonen. Tett fulgt av meg og Carolyn.
På vegen langsmed fjorden kom me til Strømvik bad, der ein nå har fått opp fundamentet
til “trappa” som stod på Nytorget.
Flott å kunne bruke denne som sitjeplass når ein tek turen rundt…

Her testar me grunnarbeidet.

Så vart det bad.

6 sjøbadarar i dag, som stod ut i blæsten!

Idag stod det stiv kuling frå Sydaust rett inn mot Godalen, og det vart kun bada i stranda.

5,6 grader i sjøen og 2,3 i lufta.


Litt tammare i stranda, så med litt HMS-kunne i toppen vart det eit greitt valg.

Så samling rundt hjørna, i le for vinden.

Det var godt ly, og me sleppte på oss praten som vanleg.

Ulike erfaringar vart delte og me gjekk kunnskapsrike frå dagens bad.
Som vanleg.

Den som har hell, er den som let “døra” stå åpen.

Ha ei god helg, og fyr godt i ogen!

Me badast!

smileySvein Egil