Hallaien!

Nå e det påskeferie!

Har starta med skikkeleg påske(u)ver.

Og Godalsbadet intet unntak.

Vått og forblåst denne lørdagsmorgenen.

Og tydelege merker etter russedåp.

Tydeleg at det har skjedd ein oppgradering, med mobilt toalett, partytelt og kassevis av musserande. Jo det var også andre ting som me kan ta ein annan gong.

Blir litt oppgitt når eg ser det med ein gong, men ser at dei har anstrengt seg for å gjera dette
ordentlig. Reknar med at det er ein ryddegjeng på gang.
og.. kunne iallefall ikkje sjå knuste flasker og glasskår.
Det er jo det ein fryktar mest.

Men det var tid for bad i eit regnspetta bylgjehav.

Fleire uti for 2.bad, og me kunne registrera:

7 badarar, 1 Rhodesian Rigdeback, 7,5 grader i sjøen og lite sol.
Godt forfriskande bad og frukosten vart tatt innandørs.

Tema denne morgonen vart litt surmaga klage på ungdommen (kom seg etter kvart) og
fødslar av ulik art. Både spanande og interessant.
Ulike opplevingar med svært ulike vinklingar, av naturlige årsaker.

Det er påsketider og badedragen helsar alle sjøbadarar!

Ha ein flott påske, om det er til fjells, til vanns eller meir urbant.

Me badast!

smileySvein Egil