Jess!!!

Nå har sola snudd!!!

Lørdag 21.desember er dagen!

To dagar i året, midt på våren og hausten er dagen akkurat like lange som natta. Det kallast for (vår- og haust-) jamdøger, eller equinox på engelsk. Etter haustjamdøger blir dagane gradvis kortare heilt til 21 eller 22 desember. Dette kallast for vintersolverv eller solsnu (Winter Solstice på engelsk) Det er jo ikkje slik at sola snur, men det punktet der ho går ned bak horisonten snur. Gjennom hausten har dette punktet flytta seg gradvis mot venstre, men så stoppar det og snur mot høgre igjen.

Med andre ord:

Det vert lysare for kvar dag som går…
og det passar bra med laurdagsbadet.


Jorunn og Helge Dagfinn på veg ned.


Og der vert me møtt av Gry, Kristin Vaulenbadar og TV-Vest

Kjekt at dei er interesserte i vinterbading og vil spre det glade budskap.

Torhild forklarar sentrale begrep innan vinterbading og at det er helse i kvar “dråpe”.
Dei ville laga eit innslag som skulle sendast rundt januar. Me utfordra dei til å stilla til bad
ein skikkeleg kald vinterdag. Tidene har dei, så me får sjå kor tøffe dei er.. smiley

11 sjøbadarar i dag, og 6,9 grader i sjøen.


Og Merete feira sin 30++års dag med 50 svømmetak!?

Bilde frå Inga, tale og Champagne frå Jorunn på vegne av gjengen, og bursdagsdikt frå Carolyn.
HIPP HIPP HURRA for Merete!!

Og med forsidebilde og tosider i plussmagasinet til Stavanger Aftenblad må ein seie seg nøgd!

Flotte damer dette!

Helge Dagfinn hadde med heimelaga brød med innbakt kjøt og godterier, og elles mykje godt vandra rundt bordet. Delfiakaka rakk ikkje rundt to gonger. Den berre dunsta bort. Julesmaker..

Solsnu, Merete feirar dag og TV-Vest på vitjing,,,

og Jul rett rundt nova.

Mange er på reis no så eg vil ynskja dokker alle ei trygg julefart,
ei Gledeleg Jul og takk for gode minner (og bad) i året som svinn.

og..

Me har julebad på Jelsa kl.10 julafta, og det vert det også i Godalen!

Så treffest me kanskje til laurdagsbad ellers i romjula, og i alle fall til
BADET 1.nyttårsdag kl. 1230.
Oppmøte Varden kl. 1200.

Me badast!

smileySvein Egil

PS! Bruk kommentarfeltet under!DS!