Så var det laurdag igjen.. zum-zum..

og kaldare ute en det såg ut te’.

1,6 grader i Idsegata og me trudde det var feil målt..
Men då me kom ut merka me at det nok stemde.

7 sjøbadarar samla seg meg plastposar og nytta høvet ved miljøstasjonen Varden.

Litt frå og til med ka som var raska med på veg ut døra, men alt rettar seg..

Undervegs kom fleire oss i møte og me passerte Strømvik bad i godt driv.

Det ser fint ut på branntomta, men no må ein få satt opp nokre steinar som hindrar parkering, og heller få opp bord og benker.

Oppfordrar alle til å bruka dei sosiale media til å få litt fart på dette.

Ved sit endå fleire sjøbadarar, og fleire strøymer til.

Det vert byte både ute og inne, i og med at veret skin opp og lovar oss finver for badestunda.

..og nye badeburkaer kjem til.. Her Carolyn og Synnøve med kvar sitt prakteksemplar.

18 badarar for i sjøen, både på neset og i stranda, og fleire bad vart det og.

Så vart det klart for eit gruppebilete. Smilande fjes.

8,3 grader i sjøen og klart for langbord med frukost i det “grøne”.

.. og her hyllar med Helge dagfinn og hans hyllebersaft i konsentrat.

ANTIOKSIDANTANE er mange og livssikrande, så ein slik dram styrkar det meste!

Skål!


Og me kunne synga gebursdagssang til Maren via mobilen til Arvid.


og sola berre strålte!

Godt lag og det er vanskeleg å riva seg laus frå praten.


Finstolen kom ut i dag, for å gjera betre plass inne, og samtidig luksusfluktstol..

På vegen frå Godalen passerte me sitteplassen ute på neset mot Ramsvik.
Det er ikkje mykje igjen..

Men her bør ein sørge for at både denne og fleire benker kjem ut.
Det er eit viktig element for ein god møteplass at det finns ein stad å setje seg ned.

Så stakk me nasen innom Liv og Solveig sitt Julemarked i kolonihagen.

Her var også Hanne og fleire. Masse fint og godsaker til julebordet.

Så varte det på å ta heimturen og start Julavasken..

Ha ei forrykande fin helg!

Me badast!

..og igjen.. Husk julebordet badelaurdag 14.desember. Spleisebord..

smileySvein Egil