Hei alle våryre!

Så kom då endeleg den helgå me venta på…

Med sol i hellinga og bølgeskvulp..

Apropos sol i helling..

Her hadde påskeliljene funne seg ei vårvarm solhelling.
Heilt gult nedover sida mot sjøen.


5 stykker vandra langsmed vannkanten, men vart fort fleire..


Badegjengar både her.. og

der.

Det er godt når ein endeleg kjenner at sola varmar ein vinterbleik kropp.
(Eg snakkar om min eigen..).


Kjem ein litt seinare er det alltid tid for eit “solidaritetsbad”.

Og så var det å få på seg tøyet og sikra seg ei plass i sola.


Merete hadde med ei “silkekake”..
Kjempegod! ..og heilt utan grunn…

Mmmmm….

og solveggen fekk også sitt. Påskestemning.


Glømte eg å nevna temperaturen.

Her er det sumar!

..og onsdag er det soloppgang kl. 07:06

Muligheter for eit soloppgangsbad…

Me badast!

smileySvein Egil