8.mars!
God morgon alle kvinner og gratla med dagen!
Tydeleg at det er viktig å halda fram med kampen om kvinnenes rett til lik
behandling på mange plan!
Mykje godt er gjort, men det står mykje att!
Idag gjorde det godt å vakna opp til opphaldsver og turre gateløp.
Det vekslar fort.
Sit og høyrer på Eva Cassidy og Kathy’s song. Flott versjon!
Flott bakteppe til å skriva nokre linjer på bloggen og sikra
8.marsutgaven 2014.
Godt oppmøte då me runda neset, så me samla benkene med det same.
Greit ver tl å skifta ute, så fleire valgte det i dag!
Kjenner at sola er i ferd med å gjera godt!
Me er på ferd mot sommar og varmare tider, men fysst..
er det ut i vatnet! 18 vinterbadarar uti idag og målinga stoppa på 4,6 grader.
8.mars bad og her er det feiring te vanns!
og likeeins rundt frukostbordet!
Fleire bad og både stranda og trappa i bruk, denne flotte “vårdagen” i Godalen.
Rundt 9 grader i solveggen.
Travle tider.
Fleire skulle fortsetta dagen i by’n med tog og appellar.
Me tok ein tur innom kolonihagen i Ramsvik, som var prega av flom og overvatn, men
Våren er i tjømda!
Ha ei flott helg!
Me badast til onsdag!
Då er det soloppgang kl.07:03
Perfekt for eit soloppgangsbad!
Det er bestilt klarver og stor oppleving.
Svein Egil