Kjære alle sammen!
I året som svant ble det mange gode, hyggelige, sosiale bad,
sammen, og med internasjonale tilsnitt, både under og over vann…
Nei, ingen nyttårstale, men me er igang med eit nytt badeår (kalenderår) og dei
kaldaste badå står nok framføre oss.
Men endå er det relativt mildt.
Gradestokken (ikkje Niels sin..) har sakte men sikkert bevega seg under 7 grader og vart denne lørdagen klokka inn med 6,6 grader.
På vegen mot badelagunen passerte me ein båt med eit navn som sikkert kanskje er blitt meir
tidstypisk (okej då, det er nok for å få salg, men alligavel).:
Vegen mot Godalen var prega av vind og trefall.
Tydeleg at det har ruska litt rundt med vinden.
Men då me kom fra til Godalen var det opphaldsver og fin badestemning.
Todelt bading, og fleire med både 2 og 3 badeturar.
16 sjøbadarar og 1 badevakt.
Høg vannstand vart snart konstatert og bekrefta av vår HMS-ansvarlege.
Friskt i vatnet og regnbygene kom etter kvart, så me søkte ly i naustet itte kvart.
På med badeburka og av med vått badety. Viktig å halda på varmen som eit godt blodomløp
gjer etter badet.
Joda, den grønna huå va med idag, sjøl om ho ofte er erstatta av Bentehuå.
Når det plaskar ned er det fint å trekka innafør, åpna naustdørene og vips..
Tenkte eg ville nytta tida framover til å presentera “the badpeople”, både drevne og meir
nyankomne.
Fysst ute e:
Gry – vår uovertrufne HMS-ansvarlege, med innebygd svieradar. Konstant på vakt etter geleklumpar i det våte element og med ein høg treffprosent på aktuelle bløtdyrskader.
God helg til alle!
Snart onsdagsbad!
Me badast!
Svein Egil