Hei igjen!

Fyssta februarbadet blei ganske så forblåst… på et vis.

Jorunn og eg var på Varden klokkå 0955 og vart ståande heilt åleine..

ei lita stund.

At det blåste godt burde ikkje vera nokon årsak til å la vera å bada.
Ein fine tur i blæsten og for ikkje å nevna å skumtoppa badet med litt
vind “i seilå”.

Klokkå tikka over 10 og 2 var blitt te 5.

..og undervegs langsmed turstien auka det på og vel framme var det 12 sjøbadara, pluss 2 nigerianarar som me traff på turstien.

Dei tok bilder av stormen og blei i fyr og flamme då dei forstod at me skulle bada.

Han eine vart med og kasta seg uti.

Så vart me 13 badarar.

Det fossa godt rundt beinå, og Gry var klar i talen. Inga bading utanom stranda i dag!

Og burkadamene stilte opp til bilde i blæsten.
(tok fleire bilder, men vinden gjorde dei uklåre..)

5,9 grader i vatnet i dag også. Med all vinden vert det kanskje endå varmare..?

I ly rundt hjørna vart det langbord og god drøs før me etter kvart drog kvar til vårt.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil