Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Ryddebad

Festligheter Posted on Sun, January 12, 2014 17:20

..då kjem det melding igjen..

Torhild melder:

Søndag, 20. dag jul, ryddet vi jula ut av bua. Sola skinte, stille sjø og selvfølgelig ble d et bad i finværet. Nytt termometer viste 7g. Flott dag:-).

Nytt termometer blir kjekt å ha no når kulda kjem..
Flotte damer i bøljan blå.

Godt å sjå det fina veret idag.

Det kan bli flotte onsdagsbad i tuda som kjem.

Merkar meg også at det er konkurranse om badeburkaen min. Javel..

Ha ei flott helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Fineskyersbad

Lørdagsbad Posted on Sun, January 12, 2014 17:08

Halloi!

Jelsahelg på meg, og fina veret etter kvart.

Og melding frå Godalen frå Gry:

Gdalen melder: 16 badere sånn omtrent 6 grader, fine skyer, solgløtt, 2 nye badere: Kristin og Aslak

og bilde frå samlinga:


Ser at gjengen har ordna med langbord og sedvanlig god oppdekning..

Fint ryddever her inne i Ryfylkebassenget.

Me badast!

smileySvein Egil



5/2-bad

Onsdagsbad Posted on Wed, January 08, 2014 16:48

Ja, du såg rett!

Me e’ nå inne i ei tid der møje dreie seg om telling.

Av så mangt.

Skritt.
Kalorier.
Tid.
Lengdemeter.
Breddemeter.
Høgdemeter.
og nå sist: Fastedagar.

Me har nå bestemt oss for at for oss i Godalen badeforening
er den sunnaste tellinga badefrekvensen..

ja, nettopp: 5/2

Av 7 dagar badar me 2. 5 dagar er badefrie (stort sett).

Det gir rett forbrenning av godlynte kaloriar og kolesterallane passar seg inn.

Humørsvingingane avtar og det vert flest av dei humørfyllte toppturane.

Her ved 2 av dei:

Gjer døri open og porten vid.

Vid nok til at ein velvaksen lekam kan pressa seg igjønå ikledd badeburka.

Og tenn eit lys:


Kjenn varmen frå lyset og fyll opp kaffikoppen.

Del gjerne med ein som ikkje vann å få kaffien klar på vegen ut av senga, kjenn at det gjer godt å roa seg rundt bordet, gjerne utandørs, og sit gjerne litt tett så det ikkje vert for stort varmetap.

Har du fram til då halde augene att og opnar dei.. ikkje ver forundra om du då har vakna opp i Godalen, badet er unnagjort i 6,8 grader og det sit 7 andre og flirer rundt bordet.

Ha ein god Dag!

Me badast!

smileySvein Egil



FørsteLørdagsbad2014

Lørdagsbad Posted on Sun, January 05, 2014 13:01

Kjære alle sammen!

I året som svant ble det mange gode, hyggelige, sosiale bad,
sammen, og med internasjonale tilsnitt, både under og over vann…

Nei, ingen nyttårstale, men me er igang med eit nytt badeår (kalenderår) og dei
kaldaste badå står nok framføre oss.

Men endå er det relativt mildt.

Gradestokken (ikkje Niels sin..) har sakte men sikkert bevega seg under 7 grader og vart denne lørdagen klokka inn med 6,6 grader.

På vegen mot badelagunen passerte me ein båt med eit navn som sikkert kanskje er blitt meir
tidstypisk (okej då, det er nok for å få salg, men alligavel).:

Vegen mot Godalen var prega av vind og trefall.
Tydeleg at det har ruska litt rundt med vinden.

Men då me kom fra til Godalen var det opphaldsver og fin badestemning.
Todelt bading, og fleire med både 2 og 3 badeturar.
16 sjøbadarar og 1 badevakt.
Høg vannstand vart snart konstatert og bekrefta av vår HMS-ansvarlege.

Friskt i vatnet og regnbygene kom etter kvart, så me søkte ly i naustet itte kvart.
På med badeburka og av med vått badety. Viktig å halda på varmen som eit godt blodomløp
gjer etter badet.


Joda, den grønna huå va med idag, sjøl om ho ofte er erstatta av Bentehuå.


Når det plaskar ned er det fint å trekka innafør, åpna naustdørene og vips..

Tenkte eg ville nytta tida framover til å presentera “the badpeople”, både drevne og meir
nyankomne.

Fysst ute e:

Gry – vår uovertrufne HMS-ansvarlege, med innebygd svieradar. Konstant på vakt etter geleklumpar i det våte element og med ein høg treffprosent på aktuelle bløtdyrskader.

God helg til alle!

Snart onsdagsbad!

Me badast!

smileySvein Egil



Nyttårsbad2014

Festligheter Posted on Thu, January 02, 2014 15:01

Juhuu!

Godt Nytt År og takk for det gamla!

1.nyttårsdag er dagen for å få vaska av seg og starta det nye året nyvaska og rein.
Sånn symbolsk sett!

Nogen gjer dette skikkeleg og det er nyttårsbadarane!

I år godt representert med over 30 fremmøtte og 23 badarar i sjøen.
Litt til ulike tider og temmeleg usynkront, men allikavel…

6,7 grader vart det målt denne første dagen i året, og alle b orda vart henta ut frå
naustet, til eit dugande langbord.

Og bordet vart dekka. Med både det eine og det andre…
Sprudalnde vart opna under stor jubel og servert, saman med “Sprudledamer” av og med
diktaren sjøl, Gunnar Roaldkvam.

Talar og dikt kom etter kvart, og med det lått og løye.

Her nokre bilder frå seansen:



Med fyr på bålet og sol i ryggen vart det litt å varma seg på, sjølv om det vart litt blest etter kvart!

Ha ein fin veke og så badast me!

🙂 Svein Egil



Romjulsbad

Lørdagsbad Posted on Mon, December 30, 2013 13:10

Javel!!??

Det er godt å få vaska av seg julafettet når det nærmar seg 5.dag jul, så 4.dagsbadet
passar godt inn!

Sjølv om ikkje veret speler heilt med, så..

kjem det melding frå Sten:

Hei

Ein melding fra lørdagsbadet!!

Grabba plastposane og la i vei regnver og kraftig vind. Ved Miljøstasjonen venta Arvid. Blei me bara 2 stk i vannet i dag??

Etter ein frisk tur langs sjøen kom me te bua. Der venta Gesine og ei ny badegjest fra Sandnes.

Gesine var glad at me kunne bruka bua i dag. Det hadde vore friske utdager i jula.

Da me var klar til å gå ut av bua og komme oss i sjøen, dukka Merete opp. 5 stykker på ein så vindfull dag var ikkje verst.

Gesine var den solidariske og tok et nr 2 bad med Merete, men me andre kom oss i le for vinden og fekk på oss varme klær.

Kaffen nøyt inne i bua. Da kom og Marianne og tok jobben som etteranmeldt badevakt!!

Temperatur i vannet var det nok og, men den sjekka me ikkje. Det blåste det for mye te.

og på Jelsa var det også blest og bylgjer.
5 badarar og god stemning med gløgg etter badet.

Då nærmar me oss årets ende og me kan sjå fram mot eit nytt badeår.

Samling på Varden miljøstasjon kl. 1200 og i Godalen kl. 1230.

Me feirer nyåret me vårt tradisjonelle nyårsbad og dekkar bordet med medbrakte julematrester.

..og lått og løye!

Takk for eit flott badeår som no svinn!

smileySvein Egil



Julebadebilder

Festligheter Posted on Thu, December 26, 2013 14:14

Hallaien badpeople!

Roen har senka seg rundt om, og badefolket tar seg ut:

Me var 10 stk. som heiv oss i sjøen på julaftan her på Jelsa.

God blest, ingen snø, men høg stemning. Påfølgande gløgg og godsaker sette
oss i stemning. Julevasken var unnagjort!

Og Ole melder frå Sogn:

Joledagsbad i Sognefjorden. Ikkje kjenner eg til temperaturen i sjøen. På land er det 7 gr. Og fotograf??. Helse folket!

med bilde: og Kristin følger på med tre bad på rad:
Julafta, 1. og 2.juledag:

Tre på rad for noen av oss. Sol og julekaker og kos i Godalen

Gesine, Merete, Synnøve og Kristin.

Du men dei er flinke desse jolebadarane!

Godt å få lufta seg mellom måltida og kjenna at ein er te’!

Ha ei flott romjulstid!

Me badast!

smileySvein Egil



Solsnubad

Lørdagsbad Posted on Sun, December 22, 2013 09:50

Jess!!!

Nå har sola snudd!!!

Lørdag 21.desember er dagen!

To dagar i året, midt på våren og hausten er dagen akkurat like lange som natta. Det kallast for (vår- og haust-) jamdøger, eller equinox på engelsk. Etter haustjamdøger blir dagane gradvis kortare heilt til 21 eller 22 desember. Dette kallast for vintersolverv eller solsnu (Winter Solstice på engelsk) Det er jo ikkje slik at sola snur, men det punktet der ho går ned bak horisonten snur. Gjennom hausten har dette punktet flytta seg gradvis mot venstre, men så stoppar det og snur mot høgre igjen.

Med andre ord:

Det vert lysare for kvar dag som går…
og det passar bra med laurdagsbadet.


Jorunn og Helge Dagfinn på veg ned.


Og der vert me møtt av Gry, Kristin Vaulenbadar og TV-Vest

Kjekt at dei er interesserte i vinterbading og vil spre det glade budskap.

Torhild forklarar sentrale begrep innan vinterbading og at det er helse i kvar “dråpe”.
Dei ville laga eit innslag som skulle sendast rundt januar. Me utfordra dei til å stilla til bad
ein skikkeleg kald vinterdag. Tidene har dei, så me får sjå kor tøffe dei er.. smiley

11 sjøbadarar i dag, og 6,9 grader i sjøen.


Og Merete feira sin 30++års dag med 50 svømmetak!?

Bilde frå Inga, tale og Champagne frå Jorunn på vegne av gjengen, og bursdagsdikt frå Carolyn.
HIPP HIPP HURRA for Merete!!

Og med forsidebilde og tosider i plussmagasinet til Stavanger Aftenblad må ein seie seg nøgd!

Flotte damer dette!

Helge Dagfinn hadde med heimelaga brød med innbakt kjøt og godterier, og elles mykje godt vandra rundt bordet. Delfiakaka rakk ikkje rundt to gonger. Den berre dunsta bort. Julesmaker..

Solsnu, Merete feirar dag og TV-Vest på vitjing,,,

og Jul rett rundt nova.

Mange er på reis no så eg vil ynskja dokker alle ei trygg julefart,
ei Gledeleg Jul og takk for gode minner (og bad) i året som svinn.

og..

Me har julebad på Jelsa kl.10 julafta, og det vert det også i Godalen!

Så treffest me kanskje til laurdagsbad ellers i romjula, og i alle fall til
BADET 1.nyttårsdag kl. 1230.
Oppmøte Varden kl. 1200.

Me badast!

smileySvein Egil

PS! Bruk kommentarfeltet under!DS!



Bålpannebad

Onsdagsbad Posted on Wed, December 18, 2013 18:07

Juhuuu!

Nesten fullmånebad, sjølv om månen vart vel full i går.
Tydeleg bakrus då han huka seg ned bakom buskane..


Sten fekk fanga månen før han forsvann.

Men då var me undervegs..


Eit lite blaff framføre bua..


Dag hadde vore tidleg ute med bålpanna og fyrt opp.


Då er det godt å samlast rundt elden og sjå inn i evigheita!!.. og forbi .. (som det er sagt
i ein kjent teiknefilm..)


og etter badet var det leskelegt og godt å få smyga litt varme oppetter…

7 grader i sjøen i dag og heile 14 sjøbadarar. Fantastisk!!

Så kunne nokre samla seg rundt bålet, og andre..


kunne varma seg på stormlampa. Kjekt at Ina, Ellen og Aksel var på plass og sikra vårt ungdommelege alibi.

Og tenk.. på laurdag vert det solsnubad!

Det går snart mot lysare tider!

Hald ut.. og ta eit bad!

Me badast!

smileySvein Egil



Julabordsbad

Lørdagsbad Posted on Mon, December 16, 2013 21:02

Ho, ho, ho!!!

Julabord i Godalen er ikkje som andre julabord.

Eg er ved Themsen, London Eye og Big Ben i lag med Gunvor når dette skjer.

Melding frå Torhild: Julebord 14. desember m 25 glade badere. Sola skinte og rundt 8 g i sjøen. Ellers ser du synkron svømming m selbuvotter og fornøyde badere.Takk Torhild og Jorunn for bilder!


Give me thirty!!


Her var det mykje godt..

Carolyn og Helge Dagfinn er klare for helg!


Saman med denne gjengen! Juhu!!

Ein flotte gjeng som tydeleg er i lag til å feira jula som kjem..

Takk for badet og..

Fullmånebad på onsdag (ok, det er den 17de desember, men iallefall..)

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »