Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Gråværsbad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 19, 2014 16:25

Hallaien!

Jodå, det står te..

I dag var det grått, men 3 solstråler smileysmileysmiley
streifa innom Godalen,
på veg til jobb.

5,7 grader i sjøen tyder på at tempen er på veg opp.

Er det eit vårteikn?!


Som sagt: Grått, så i dag vart det frukost innandørs.

Med relativt nybakte skuleboller og kanelkrøller.
Koste meg på kurs hos Jakob i går. Det er å anbefala!

Utvalget heng klart.

Gry, Astrid og eg nytta badeburkaene som vanleg.
leskeleg og godt når surveret held tak i oss.

Ellers ei flott “badevegg” med ulik informasjon etter kvart.

Apropos info:

Sten sende meg nokre bilete frå lørdagsbadet, men eg har ingen info om badande og temp.

Og styret fer til Jelsa denne helga, så me får vel rapport frå dei om det..

Me kan iallefall seia:

Me badast!

smileySvein Egil



Soloppgangsbad

Onsdagsbad Posted on Thu, March 13, 2014 23:10

Juhu!

Fina veret!

Ja, me e jo ikkje akkurat vante med blikkstille sjø og
blå himmel siste tida, men idag, onsdag 12.mars, vart det gjort bot…


Klokka er ennå ikkje passert 7, og me ser at horisonten vert gyllen..

8 badarar samlar seg til stevnemøte og krøkjer ryggen…

Badet er i boks og det er tid for ei andektig stund når sola reiser seg over horisonten.

4,1 grader og speilblankt på vassyta.

Det er tid for å “ta seg av” eller kanskje ein “selfie”.
Nye begrep breier seg også i sjøbademiljøet.

Medan frukosten er som før. Og ikkje minst historiane. Merkelege etternavn og artige gatenavn. Møje god underhaldning i slikt.

Berre høyr…


Og sola steig på himmelen.

så itte kvart vart me nødde te å gå vidare i dagen.

Bokstaveleg talt!

Ha ei god helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Gratlameddagenbad

Lørdagsbad Posted on Sat, March 08, 2014 16:19

8.mars!

God morgon alle kvinner og gratla med dagen!

Tydeleg at det er viktig å halda fram med kampen om kvinnenes rett til lik
behandling på mange plan!

Mykje godt er gjort, men det står mykje att!

Idag gjorde det godt å vakna opp til opphaldsver og turre gateløp.
Det vekslar fort.

Sit og høyrer på Eva Cassidy og Kathy’s song. Flott versjon!

Flott bakteppe til å skriva nokre linjer på bloggen og sikra
8.marsutgaven 2014.

Godt oppmøte då me runda neset, så me samla benkene med det same.


Greit ver tl å skifta ute, så fleire valgte det i dag!
Kjenner at sola er i ferd med å gjera godt!

Me er på ferd mot sommar og varmare tider, men fysst..


er det ut i vatnet! 18 vinterbadarar uti idag og målinga stoppa på 4,6 grader.


8.mars bad og her er det feiring te vanns!

og likeeins rundt frukostbordet!

Fleire bad og både stranda og trappa i bruk, denne flotte “vårdagen” i Godalen.
Rundt 9 grader i solveggen.

Travle tider.

Fleire skulle fortsetta dagen i by’n med tog og appellar.

Me tok ein tur innom kolonihagen i Ramsvik, som var prega av flom og overvatn, men


Våren er i tjømda!

Ha ei flott helg!

Me badast til onsdag!

Då er det soloppgang kl.07:03

Perfekt for eit soloppgangsbad!

Det er bestilt klarver og stor oppleving.

smileySvein Egil



Askebad

Onsdagsbad Posted on Wed, March 05, 2014 16:07

Eller kanskje Fetebad?

Det var vel denne onsdagen en skulle spise seg godt opp til fasten..

Vel.. 5/2 tar sitt!

Det går mot lysare tider.

Og sjølv om det var skralt med badarar denne onsdagen:

2/1 i favør damene.

“Flate batterier gjer ingen bil “
(Nytt ordtak frå Astrid.)

.. så var det desto bedre å vassa til knes på langgrunna.

Skikkelig fjære sjø med andre ord.

4,5 grader i dag også, og ein himmel som endra seg frå duskregn til klårver.

Ingen soloppgang, men det var solrikt rundt benken!

Berre sjå!

Og Kristin kunne by på smaksprøve frå eigen produksjon:


Krüsli: Nøtteblanding, kornblanding, banan, aprikos og eplejuice.
Knad godt i hop og steikt forsiktig i ovn og etterpå tilsett rosiner.

Knallgodt med yoghurt eller anna..

Ha ein fin dag!

Me badast plutseleg!

og så.. Kristin hadde sendt meg eit badebilde frå helga, men til feil mobilnummer.
Sjå berre på Slushbadet frå Indre Erfjord.
Eit realt Innante bad.

Brrr…..

smileySvein Egil



Marsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, March 02, 2014 18:08

Helg, oh helg!

Langhelg på Jelsa denne helga for meg.
Kjenner at våren er undervegs.
Rosebuskane har skutt ut fleire centimeter – 1.mars…

Jorunn melder frå Godalen at ho har bada, men laga korte filmsnuttar..

Okej då! Ny mobil må podast inn..

Då kjem det melding frp Torhild:

En flott lørdag første dag i mars. 15 badere idag og gradestokken nærmer seg nesten sommer. Etter bad og frokost gikk turen videre, sola skinte og alle var enige i at det var en fin dag:-).

Og med følger det bilder:


Flott samling!


Vegen heim!

Og kvileplassen!

Ha ei fin fastelavn!

Me badast!

Og.. onsdag står sola opp
Kl.07:23

Kanskje eit soloppgangsbad!

smileySvein Egil



Vinterferiebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 26, 2014 21:45

Jess!

Vinterferie og snø i fjellet for dei som likar det.
Og vind i toknene for oss igjenverande.

“The badpeople” fer verda rundt, iallefall Europa..

Mange badande på tur med andre ord, men nokre held seg i
“Kringla heimsins”.

Denne morgonen vart spesiell, då været klårna og det vart tydeleg at det går mot
soloppgang til onsdagsbadarane.

Idag stod sola opp kl. 07:43

Ikkje verst..

med slikt lys før klokka 7 ein onsdag morgon.

5 vel budde badarar hadde stevnemøte ved naustet denne morgonen.

Ikkje lenge etter var dei i sjøen og kunne kjenne at 4,5 grader absolutt gjer
at du vaknar og kjenner du er til.

I aust kunne ein sjå ein månesigd som balanserte ei stjerne på skuldera.

ja,ja, ikkje lett å sjå her. Der skulle du ha vøri Kal..

Lykta gjer oss framleis stemning, med påfyll av stemningar og bilder frå
husmannsplassar i austerled.
Eit tema i dag vart frostfrie kranar innomhus…

Nok om det!

Gled dokker til snarleg soloppgangsbad!

Tida nærmar seg!

Ha ein flott vinterferie!

Me badast!

smileySvein Egil



Vinterferiebad

Onsdagsbad Posted on Wed, February 26, 2014 21:45

Jess!

Vinterferie og snø i fjellet for dei som likar det.
Og vind i toknene for oss igjenverande.

“The badpeople” fer verda rundt, iallefall Europa..

Mange badande på tur med andre ord, men nokre held seg i
“Kringla heimsins”.

Denne morgonen vart spesiell, då været klårna og det vart tydeleg at det går mot
soloppgang til onsdagsbadarane.

Idag stod sola opp kl. 07:43

Ikkje verst..

med slikt lys før klokka 7 ein onsdag morgon.

5 vel budde badarar hadde stevnemøte ved naustet denne morgonen.

Ikkje lenge etter var dei i sjøen og kunne kjenne at 4,5 grader absolutt gjer
at du vaknar og kjenner du er til.

I aust kunne ein sjå ein månesigd som balanserte ei stjerne på skuldera.

ja,ja, ikkje lett å sjå her. Der skulle du ha vøri Kal..

Lykta gjer oss framleis stemning, med påfyll av stemningar og bilder frå
husmannsplassar i austerled.
Eit tema i dag vart frostfrie kranar innomhus…

Nok om det!

Gled dokker til snarleg soloppgangsbad!

Tida nærmar seg!

Ha ein flott vinterferie!

Me badast!

smileySvein Egil



Jentutnbad

Lørdagsbad Posted on Sat, February 22, 2014 13:34

Halloien!

Lørdag og samling i disse OL-tider.

Ikkje rundt TV-apparatet, men med plastposane i hendene, i sameining rundt
miljøstasjonen, på veg mot oppstandelsen (ref. Helge Dagfinn).

Og som sedvanleg, me starta i småregn som slutta fort.

Fin tur langsmed Hillevågsvatnet og rundt før me såg mot Godalens bredder..

Kor e’ Usken og Uskenkalven?? Her trengs det kart og Tonje vert utfordra.
Me må bli sikrare i vår kunne om nærmiljøet og det me ser rundt oss.

Menge fremmøtte idag og ein ny sjøbadar. Tilsaman var me 19 badarar i sjøen, som idag kunne målast til..

4,5 grader. Ein kjenner at det er graden kaldare den siste veka. Litt råare når ein senkjer seg ned i det våte element.


men ikkje dermed sagt at det vert kortare bad..

Klårt vatn og fleire som bada meir enn ein gong, både i stranda og..

ved trappa.

Anar ein sydenstemning i helga før vinterferien?


Uansett godt å samla seg i naustet etterpå. Høg stemning som vanleg.

..og mykje godsaker vart delt rundt bordet.

Var greitt å setja opp ein planke i naustdøropninga, så kunne fleire “vagla” seg.

Så medan me sat her og “vakna” etter eit godt sjøbad, kunne me vandra heimetter og
få meldt at “jentutn” hadde sikra Noreg både Gull, sølv og bronse.

Det verka!

Me må meir på tur!

Ha ei fantastisk helg!

Me badast!

smileySvein Egil



Badetteroppskriften

Onsdagsbad Posted on Wed, February 19, 2014 15:28

Nuvel..

Kanskje ikkje heilt etter oppskrifta!

Idag vart det bad i lett duskregn og fjære sjø.

6 morgenbadarar flaut lett og var ingen fare for skipsfarten.
Ingen tømmerstokkar å sjå i Godalen!

4,5 grader i sjøen, og det er det lågaste som er målt denne vinteren.

Snøen har lagt seg på Lifjell og sludd i lufta..

Marianne hadde framvisning av ny badeburka, med badehelsing.

Gratla med den.
Samlinga blir stadig større.

Ute rundt stormlykta vart tema i dag retta mot oppskrifter.

Kjapp gjengivelse… RETTELSE FØLGER..

1. Spinatreder (Svein Egil)
Spinaten helles i panne, oljes lett og synker fort sammen.
Strø på litt sukker for karamellisering
Lag reder (noen huller i spinatsengen).
Kakk eggene oppi redene og sett i ovnen.
Stek bacon som legges på topp før servering.

2. Spinatkylling (Jorunn)
På en seng av spinat legges diverse grønnsaker, stekte kyllingbiter, en boks gresk geitost helles over (bruk oljen også)
I ovnen..

3. Frukostblanding (Kristin)
Kjør nøtteblanding alt tørt i blender.
Ha i banan, litt eplesaft, aprikos m.m.
Stekes i ovn til det er tørt. Legg til rosiner etterpå

4. Brød i flytande form (Astrid)
http://www.matpaabordet.no/2011/04/no-knead-tomatbrod/

5. Brød bakt i kasserolle (Gry)
http://www.superkokken.no/langsomt-br%C3%B8d-med-lite-gjaer-no-knead-bread/2357


Dagen gryr fort og me er klare for nye økter!

Me badast!

smiley Svein Egil



Fullmånebad

Lørdagsbad Posted on Sat, February 15, 2014 16:26

.. eller Nachspiel..

Klokka 10 vart det atter tømming av glas og plast på miljøstasjonen Varden.

Svært mye glas i dag, av ein eller annan grunn.

Litt regn i lufta, men på ein dag som dette er det berre forfriskande å få
litt vatn i gjellene.

22 ( 1 badevakt)

5,4 grader i sjøen

Etter ei svært uroleg natt med kraftige vindkast, vart det eit heller

roleg bad, med bading både i strand og i trapp.

Stort og godt oppmøte etter seint årsmøte!

og 1 ny badar, Solveig! Velkommen

samt ungdomsfylkingen med solid foresterkning fra søstrene Aase.

Godt å sjå så mange friske sjeler etter gårsdagens samling.Folksamt i gaderoben, så her er der behov for å sjå på utvidelsesbehovet..

Med litt regnvær i lufta vart det naustfrukost, med dørene oppslått og høg frukoststemning.



Laban leverte deilige damer. Seige og gode.. med alt tilbehør!

Tydeleg ein svært aktiv gjeng som strauk vidare på festlig lag i alle retningar.

Ha ei fin helg!

Me badast!

smileySvein Egil



« PreviousNext »