Så va’ det på’an igjen!!

Me har gleda oss lenge til å ta turen ut til Astrid på Tasta!

Så var endeleg lørdagen her, og me kunne setja kurs mot kjende mål.
Vel var det ein sterk kuling frå Aust, og rundt 3 grader i lufta, men me kjende på oss
at i Dusavigå var det livd.

Mortavigå-Arsvågen melde om stengde ferjesamband, men å kansellera Tastabadet stod ikkje
på dagsorden. Tvert imot!

Og Astrid tar imot med bordet dekka! smiley


Og snart er me klare for vandring mot åpent farvatn…


Godt kledde til bad, med ein liten oppvarmingsrunde før kleda fell.

og uti med oss! 10 badarar og 1 badevakt som applauderer dei badande!

Og her er gjengen samla!

Så var det påkledning og heimtur til Astridheimsins!


Og i serien: Båtnavn vi møter…
Idet me drog avgarde vart me var “typen” som låg med kjølen i været.
I opplag, berre for vinteren?

Godt og varmt. Full fyr i peisen og..
Orkide’ til vertinnen og..

Asiatisk suppe med reker og fersken, karriblanding og brød frå Ostehuset Øst, med godt tilbehør. Kjempegod suppestasjon for hungrige sjøbadarar.

Suppetallerkenane vart fort tømde og fyllte på, og drøsen gjekk godt.

Kaffi og kake derpå gjorde sitt til at enkelte (navn er halde ute) vart svært så segne og
fekk leggja seg ned for ein kvil..

Så var det tid for nye eventyr, etter ein fantastisk lørdagsmorgenbadsuppe-ekskursjon
til det forgjettede Tasta!

Takk Astrid for Hjertevarme og gode supperåd smiley.

Me badast!

smileySvein Egil