Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Augebad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 19, 2012 16:03

Gudd day!

Nok ein onsdag og hausten er på plass!

Det stundar mor ekskursjon til Danmark, men før den tid, litt heimabading..

Idag vart me 9 badarar i sjøen, som igjen vart målt til 12,8 grader og 10,3 på land.

Blikkstille og tid til eit ekstra bad, då Hans kom diltande. Vel, iallefall ingen tjuvbading idag!

Meldingar i Lokalen om at det var kaldare enn på lenge rundt i Rogaland, men me fekk meldt ifrå at i Godalen stod det godt til.

Diskusjonen idag gjekk rundt syn, briller og laseroperasjonar, samt kortreiste turar til Afrika og USA.

Det veksla med regnbyger og opphald, men me fekk sitja ute i opphald helit fram te kaffikoppen var tom og andre sysler drog oss vidare..

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



13-13-13…

Lørdagsbad Posted on Mon, September 17, 2012 16:05

Halaisen!

Jorunn og eg på reis til Kingston med yngste familiemedlem. Lite bad, men mye sol og

flott opplevelse.. kjem tilbake til det for dei som vil høyra..

Då melder Sten:

I badeengler og sjefsbaderes fravær – får eg ta på meg oppgavå å senda noken bilder fra lørdagens bad, pluss noen fra onsdagens der ein kan skimta (noe som sjeldent skjer) bilder av sjefsbloggaren opppe i bakken.

I dag var me 13 badere. Då var det inklusivt Yngve (?) som var komt heilt fra Randaberg for å få eg høstbad, og ein egen ungdomsavdeling. Det var, som vanlig, vått og regnfull høstdag. Men det var 4 stk. som vandra turstien til Godalen.
Der møtte me resten av gjengen. Ute ved stupebrettet stoppa det heila litt opp. Dei med godt syn oppdaga svier i vannet, men heldigvis var det ikke rundt badetrappa.
13,4 garder i vannet, 13 i lufta og 13 badere. Mye 13 her – så det er godt ingen av oss er overtroiske!!
Godt me hadde bua etterpå, for da kom regnet. Me nøyt kaffien, preika og koste oss-
4 friske syklister var det også i dag – så dei fortjener et eget bilde.
Godalen sjøbadeforening – nå også med egen Co2 kvote!!

Helsing Sten

Bilder:

Flott Sten!

Her ligg me godt an med innandørs frukostservering!

Me badast Onsdag!

🙂 Svein Egil



Haustbad

Onsdagsbad Posted on Wed, September 12, 2012 15:37

Ja, akkurat.. haust!

Idag var det haustalegt i Godalen, men sjølv med mørke skylag i sør og aust, der regnbygene stod i kø, vart det bad i opphaldsver i dag også.

Det er tydeleg både på kveld og om morgonen at det no er haust.

Litt mørkt og vått i lufta.

Ingen tvil.

9,6 grader i lufta og 13,1 i sjøen. Me får halda oss i sjøen.

5 sjøbadarar denne morgonen, og greitt å sitja inne og høyra bygene gå..

Godt at me har tilgong til naustet!

Då drar det seg til med arbeidsoppgåver og me tømmer koppen og går vidare i dagen.

Godt bad!

🙂 Svein Egil



Godbad

Festligheter Posted on Sat, September 08, 2012 14:49

Guddagen igjen!

Laugardagen starta med 3 frå Varden, var 5 ved pølsesvingen, 7 ved Strømvik kolonihage og 18 badarar i sjøen. Samt godt med badevakter!

14 grader i sviefri sjø.

Du men det gjorde godt i dag og..

Stort sett opphaldsver, men litt duskregn minna oss om at me sat ute.

Helge Dagfinn la inn eit godt ord for Internasjonal Cafe i Brødregata, tvers overfor Fretexbutikken…

Ha ei flott helg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Tjuvbad

Onsdagsbad Posted on Thu, September 06, 2012 07:35

Javel, onsdag igjen!

OK, det var i går, men skitt au, det var godt bad allikavel.

Litt tidligt ute denne morningen, så då fysste gjengen heiv seg uti 4 minutt på 7, så vart det ymta frampå om tjuvbading då dei meir presise dukka opp.

8 badara i sjøen og nå duppa målet ned til 14,9 ( nedadgåande tendens).

Likevel – sviefritt og tid til eit andre bad for dei som tjuvbada.. 🙂

Merete stillte med nyplukka ertebelgar, knasande godt, og så kom jo sola!!!

Nok ein flott morning i Godalen!

Klar til ny dag på jobb!

Me badast!

smiley Svein Egil



Septemberbad

Lørdagsbad Posted on Sun, September 02, 2012 21:20

Hallaisen!

Ny dag, nye lodd, nye sjanser.

Ny måned, nye bad, nye ..

Lørdag og samling i Godalen!

Gjengen på 6 blir fort mangedobla då me kjem fram til Godalen.

Det er godt å sjå gjengen samla til nok eit bad, og været sviktar oss ikkje i dag heller.

15,1 grad idag og 17 badarar i sjøen, og fleire tok turen heilt ut rundt bøya.

Nokre svier i sjøen var fort spotta av HMSsjefen, og vart rundingsbøyar på vegen inn.

Ole vart feira med vel overstått dag, og bursdagssangen ljoma i Godalen.
Kake til kaffien og god stemning før lørdagen tok til for fullt.

Litt info rundt danmarksturen vart oss til del og Gry har gjort ein kjempejobb med å ordna reise både tur og retur, alt etter koss det har passa den enkelte.

Lavvo’en er pakka og klar!!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Solbad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 29, 2012 15:06

Guddagen!

Makan til soloppgang og horisont i dag…

Det er jo bare ein opplevelse å vandra mot sjøen og sjå korleis dagen lysnar..

5 morgenfuglar i sjøen, og Jon var også igang.

Idag vart det målt 15,4 grader. Ingen svier og eit godt langt bad!

Som sagt: Himmelen gløda og satte oss i god stemning!!

Ha ein flott dag!

🙂 Svein Egil



Gjestebad

Lørdagsbad Posted on Tue, August 28, 2012 14:09

Hallaisen!

Sjøl om nokre er på tur i ryfylkebassenget og andre svinsar rundt i andre deler av landet, så veit me ein ting: I Godalen vert det bada!

Likeeins denne helga!

Sten melder:

“Hei.

Sender to bilder fra badinga på torsdag.

Me var jo 20 ½ person i vannet. Det var 3 gjestebadere (dei skimter du til høyre i det ene bildet).

Rekner med at Torill har sendt temperatur og stemningsrapport.”

Og slik er det berre!

Er ikkje heilt sikker på tempen i Godalen, men reknar med rundt 17 grader?

Tydeleg god stemning i badegjengen denne helga også!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Måkebad

Onsdagsbad Posted on Wed, August 22, 2012 15:43

Godagen!

Vekslande ver for tida, men…

opp og stå, Godalen neste!

.. og badefolket kom stigande.

Idag vart me 10 stykk rundt frukostbordet.

Blikkstille sjø, ingen maneter og ein himmel som lova sol og regn, men som ikkje gav nokon av delene. God følelse etter badet. 16,7 grader i sjøen og det heile vart overvaka av måkemafiaen..

Planar om ekskursjjon til Danmark er nå lagde, med avreise den 5.okt og retur 7. eller 8. alt etter jobbsituasjon.

Kjenner eg gleder med allerede.

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Godt bad

Lørdagsbad Posted on Sun, August 19, 2012 20:19

Hallaisen igjen!

Ja, fiina veret!

Ska sei denne søndagen vart flott.

Med litt variasjonar på verinnholdet denne helga så starta det rimeligt godt
lørdag morgen.

Kl.10 som vanleg, med plastpose i handa, på veg mot miljøstasjonen.

Her er det samling før vegen går vidare, og med kursen mot badestranda vert humøret alltid tuna opp.

Fin drøs når ein vandrar langs turstien.

I Godalen er fleire å treffe, og fleire kjem til, så då me trør uti vatnet er me blitt 9 badande sjeler.

17,5 grader og ikkje ei svie å sjå i det heile.
Det betyr samling i sjøen og nokre tek turen ut for å runde badebøya som ligg lengre ut.

På veg inn ser det ut til å komma regn, så me opnar opp i naustet og set oss inn.

Det vert fort justert til eit kombinert frukostbrett, der ein nyttar veret så godt ein kan.

Regnet kjem ikkje, og i staden vert det sol og sjøen flør.

Me diskuterer Danmarkstur og ser at me må få ut melding til alle om at turen er like rundt hjørnet og me må bestilla plass på ferja. ( Mail kjem).

Ha ein tindrande fin dag vidare!

Me badast!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »