Rise & shine!

..og i dag stemte det til gagns.

Kjempefine morgentimar i Godalen denne morgonen.

og med 13,3 grader i sjøen var det ikkje tvil om at ein vakna.

Gry slo på svieradaren og fekk raskt blipp på hornhinna. Det gjaldt då å tima svømmeturen
opp mot svievarsel frå land.

I dag var det også andre badarar på det nordlegaste neset.

No dreg badefolket på badeferie i inn og utland, så me ber alle om å senda bademeldingar og mms’ar frå det ganske land.

Ynskjer alle ein fin badesommar, så vil me nok treffast i Godalen utover sommaren!

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil