Hallaisen badefolk!

Så vart det siste junibadet for i år!

Meldingar tikkar inn både her og der om flotte strender og badetemperaturar
langt over det me vil oppnå i Godalen på denne sida av den globale oppvarmingshøgda.

Tonje og Astrid kom også syklande og fekk presentert ny badehjelm…

Idag kunne me konstatera 8 badarar i sjøen og 13,6 grader.

Det går oppover sjølv om sola har snudd.

Gry får sitt sviesveip og Charlotte har med seg venninna si, Lora, som også er i frå Frankrike.

Uti med oss….

Til vår store glede oppdagar me at årsaka til at stupebrettet ikkje er montert er at festa har vore for dårlege.

No er det montert nye augekrokar, så no er det ikkje lenge før brettet kan nyttast!

Fine, late sommardagar ligg framføre oss og me vandrar etter tur ut på sommarstiar dekte
av drøymar om sol, sandstrand og blankskurte svaberg.

Nåvel, Godalen trekk oss alle inn i bademodus og likeeins denne dagen.

Sola kom, så me flytta utomhus og kjende at dette var berre bra.

Charlotte feirar dag i dag, 1.juli, og me kunne synga gratulasjonsang ein dag på førehand.

Gratla med dagen Charlotte!

Så er morgonstunda i Godalen forbi, og me vandra kvar til vårt.

Torhild melder frå Sirdalen om regn, men badedrakta er med..

Så…

har ein drivande fin sommar, så treffest me innimellom… i Godalen.. i løpet av sommaren!

Me badast!

smileySvein Egil!

(som har fått tørka av vatndråpen på linsa..)