Hallaisen igjen!

Ja, fiina veret!

Ska sei denne søndagen vart flott.

Med litt variasjonar på verinnholdet denne helga så starta det rimeligt godt
lørdag morgen.

Kl.10 som vanleg, med plastpose i handa, på veg mot miljøstasjonen.

Her er det samling før vegen går vidare, og med kursen mot badestranda vert humøret alltid tuna opp.

Fin drøs når ein vandrar langs turstien.

I Godalen er fleire å treffe, og fleire kjem til, så då me trør uti vatnet er me blitt 9 badande sjeler.

17,5 grader og ikkje ei svie å sjå i det heile.
Det betyr samling i sjøen og nokre tek turen ut for å runde badebøya som ligg lengre ut.

På veg inn ser det ut til å komma regn, så me opnar opp i naustet og set oss inn.

Det vert fort justert til eit kombinert frukostbrett, der ein nyttar veret så godt ein kan.

Regnet kjem ikkje, og i staden vert det sol og sjøen flør.

Me diskuterer Danmarkstur og ser at me må få ut melding til alle om at turen er like rundt hjørnet og me må bestilla plass på ferja. ( Mail kjem).

Ha ein tindrande fin dag vidare!

Me badast!

🙂 Svein Egil