Guddagen!

“Morgonstund har gull imunn”.. heiter det i ordtaket.

Dette stemde heilt i Godalen denne onsdagen.

Blikkstille sjø, sol i aust og sjøbadarar som samlast på neset.

8 stk. i dag og 16,2 grader i sjøen.

“Floaters” er vel eigentleg lik i sjøen. I dette tilfellet badarar som slappa heilt av i vannskorpa.

Låg tungt i sjøen og var ein fare for skipsfarten…

God stemning som alltid rundt frukostkaffien, som i dag vart halden ved stupebrettet.

Prata litt om Danmarksturen i haustferien, og at me nok bør bestilla plass om ikkje lenge.

Ha ei flott veke!

Me badast!

🙂 Svein Egil