Hallaisen!

Ny dag, nye lodd, nye sjanser.

Ny måned, nye bad, nye ..

Lørdag og samling i Godalen!

Gjengen på 6 blir fort mangedobla då me kjem fram til Godalen.

Det er godt å sjå gjengen samla til nok eit bad, og været sviktar oss ikkje i dag heller.

15,1 grad idag og 17 badarar i sjøen, og fleire tok turen heilt ut rundt bøya.

Nokre svier i sjøen var fort spotta av HMSsjefen, og vart rundingsbøyar på vegen inn.

Ole vart feira med vel overstått dag, og bursdagssangen ljoma i Godalen.
Kake til kaffien og god stemning før lørdagen tok til for fullt.

Litt info rundt danmarksturen vart oss til del og Gry har gjort ein kjempejobb med å ordna reise både tur og retur, alt etter koss det har passa den enkelte.

Lavvo’en er pakka og klar!!

Me badast!

🙂 Svein Egil