Godagen!

Vekslande ver for tida, men…

opp og stå, Godalen neste!

.. og badefolket kom stigande.

Idag vart me 10 stykk rundt frukostbordet.

Blikkstille sjø, ingen maneter og ein himmel som lova sol og regn, men som ikkje gav nokon av delene. God følelse etter badet. 16,7 grader i sjøen og det heile vart overvaka av måkemafiaen..

Planar om ekskursjjon til Danmark er nå lagde, med avreise den 5.okt og retur 7. eller 8. alt etter jobbsituasjon.

Kjenner eg gleder med allerede.

Ha ein fin dag!

Me badast!

🙂 Svein Egil