Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Alterpålag-bad

Lørdagsbad Posted on Mon, November 05, 2012 18:41

Hallaisen!

Lørdagen er forbi, og eg sit i Trondheim.

Jelsa vart min plass denne helga, og lite bading og heller meir vedhogst..

Då smell Jorunn til med fleire billeder:

Oppmøte ved miljøstasjonen var rimeligt godt!

Ved Strøvik Bad var det pause for å innrullera dei to farande fantane som skal til Asia på backpacking.

.. og fleire fulgte på..

Vel framme og uti sjøen vart det 20 badarar denne laurdagen.

Temperaturen var i underkant av 11 grader og det sosiale været var som du ser, upåklageleg.

Fleire hadde feira bursdagar og den sangglade gjengen stemde i..

Og dagens motto var: “Alt er på lag”.

Me badast onsdag?

🙂 Svein Egil



Vintertidsbad

Lørdagsbad Posted on Sun, October 28, 2012 17:33

Hallaisen!

Opptakten til denne helga var utruleg!

Storm og kuling, snøbyger og minusgrader!

Ingen tvil om at det var tida for å føra klokka 1 time tilbake mot sommar denne halga.

Me hadde staka ut ture til Hunnedalen denne helga, og kom oss avstad, i sludd og snøbyger.

Det vart kaldare og minusgradene møtte oss då me kom opp i høgden.

Så kan me seia at det stoppa der.

Veret klarna og me fekk sol og klår himmel, med gode minusgrader, stjerner og måneskin då natta kom.

Lørdagen vakna med til blikkstille påskestemning, med 10 cm. snø og sol frå bla himmel.

Slik kan det snu..

Me tok ein flott tur oppover dalen og fekk nyta utsikten over eit landskap i vinterskrud.

På veg tilbake og nesten heilt framme ved hytta, kjende me at det var så absolutt tid for eit bad.

Is på vatnet i vika, ingen handkle eller badety,

Me vrengte av oss og heiv oss uti,

Tippar rundt 2 grader i vatnet og omtrent 0 i lufta.

Inger og Jorunn på veg inn i kleda og friska etter godt bad!

Etterpå eit glas champagne og lunsj i solveggen.

Melding tikka inn frå Torhild:

“Sol, vindstille og 20 fornøyde sjøbaderei Godalen i dag.

2-3 grader på land og i sjøen var det over 10:-) Fortsatt god helg!”

med bilde:

Ja, her er gjengen samla. Tydeleg godt lag og god drøs….

No vert det ny soloppgang på onsdag!

Me gleder oss!

Badast!

🙂 Svein Egil



72dagerigjen-bad

Lørdagsbad Posted on Sat, October 20, 2012 16:29

Hallaisen!

Ut i regn og gråvær, men likavel smlande fjes og gode klemmar

då me møttest ved Varden.

Lang land rekke, då alle ikkje er stillt inn etter samme ur.

Likegreitt.

Haustfargane fylgjer oss på turen langsmed sjøen fram til Godalen, der fleire ventar.

Nokon andre sjøbadarar har alt vore i,

11,4 grader og 17 badere i sjøen.

Blilkkstille på land, så det var fint å stå i burkaen å tørke.

God stemning rundt bordet i naustet, med naustdøra open og havbllikk.

Gilde minner vart friska opp etter Danmarksturen, og motivasjonen til nye slepp er på topp.

Sten og Carolyn hadde vore på bokslepp, sjekk denne.

Ha ei flott helg!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Regnværsbad

Lørdagsbad Posted on Sat, September 29, 2012 13:31

Hallaisen!

Lørdag igjen og me tar ut for å ta eit bad!

Eit bad å starta dagen med, i lag med sosiale vesener som godt kan benka seg rundt eit

bord etter badet. Dela på diverse godsaker og drøfta det ein er opptatt av, akkurat då.

Idag 14 badarar i sjøen, som igjen var 13,1 grader varm. NB! Berre litt over 10 grader i lufta, så me har det framleis varmare i sjøen.

Det nærmar seg Danmarkstur. Neste fredag er me undervegs.

Men nøklar til bua er ordna til neste laurdag for dei som badar heime.

Me badast, kanskje onsdag?!

Men.. så kjem det melding frå Kristin:

” Rapport til badegjengen i fra Zanzibar:

30 grader i lufta og 28 i sjøen.

Fortsatt god helg”

og med bilde, sjølvsagt..

Der skulle vi ha vør kal’..

:-)Svein Egil



Snorklebad

Lørdagsbad Posted on Sun, September 23, 2012 19:56

Good day!

..son ein tidlegare statsminister så greit sa det.

Fantastisk helg, med fiina veret!

Her i heimen tok me turen til Jelsa, med lørdagsbad i Økstrafjorden.

Herrligt, men kjøligare enn vanleg.

Fekk medling frå Gry:

“Godalen melder: Nudelig sol, dovent bølgeskvulp, 12 badere, en snorkler, en hund og 10,6 grader i vannet.”

Snorkler Flemming sender bilde:

Så melding fra Sylvi:

“En hilsen fra morgenbaderne Torhild og Sylvi på Bersagel. Godt Godalsbad og fortsatt god helg!”

Bilde fulgte med..

Så blir det å lengta te nytt bad og neste anledning er onsdag morgen i..

Godalen!

Me badast!

🙂 Svein Egil

… og det nærmar seg avreise..



13-13-13…

Lørdagsbad Posted on Mon, September 17, 2012 16:05

Halaisen!

Jorunn og eg på reis til Kingston med yngste familiemedlem. Lite bad, men mye sol og

flott opplevelse.. kjem tilbake til det for dei som vil høyra..

Då melder Sten:

I badeengler og sjefsbaderes fravær – får eg ta på meg oppgavå å senda noken bilder fra lørdagens bad, pluss noen fra onsdagens der ein kan skimta (noe som sjeldent skjer) bilder av sjefsbloggaren opppe i bakken.

I dag var me 13 badere. Då var det inklusivt Yngve (?) som var komt heilt fra Randaberg for å få eg høstbad, og ein egen ungdomsavdeling. Det var, som vanlig, vått og regnfull høstdag. Men det var 4 stk. som vandra turstien til Godalen.
Der møtte me resten av gjengen. Ute ved stupebrettet stoppa det heila litt opp. Dei med godt syn oppdaga svier i vannet, men heldigvis var det ikke rundt badetrappa.
13,4 garder i vannet, 13 i lufta og 13 badere. Mye 13 her – så det er godt ingen av oss er overtroiske!!
Godt me hadde bua etterpå, for da kom regnet. Me nøyt kaffien, preika og koste oss-
4 friske syklister var det også i dag – så dei fortjener et eget bilde.
Godalen sjøbadeforening – nå også med egen Co2 kvote!!

Helsing Sten

Bilder:

Flott Sten!

Her ligg me godt an med innandørs frukostservering!

Me badast Onsdag!

🙂 Svein Egil



Septemberbad

Lørdagsbad Posted on Sun, September 02, 2012 21:20

Hallaisen!

Ny dag, nye lodd, nye sjanser.

Ny måned, nye bad, nye ..

Lørdag og samling i Godalen!

Gjengen på 6 blir fort mangedobla då me kjem fram til Godalen.

Det er godt å sjå gjengen samla til nok eit bad, og været sviktar oss ikkje i dag heller.

15,1 grad idag og 17 badarar i sjøen, og fleire tok turen heilt ut rundt bøya.

Nokre svier i sjøen var fort spotta av HMSsjefen, og vart rundingsbøyar på vegen inn.

Ole vart feira med vel overstått dag, og bursdagssangen ljoma i Godalen.
Kake til kaffien og god stemning før lørdagen tok til for fullt.

Litt info rundt danmarksturen vart oss til del og Gry har gjort ein kjempejobb med å ordna reise både tur og retur, alt etter koss det har passa den enkelte.

Lavvo’en er pakka og klar!!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Gjestebad

Lørdagsbad Posted on Tue, August 28, 2012 14:09

Hallaisen!

Sjøl om nokre er på tur i ryfylkebassenget og andre svinsar rundt i andre deler av landet, så veit me ein ting: I Godalen vert det bada!

Likeeins denne helga!

Sten melder:

“Hei.

Sender to bilder fra badinga på torsdag.

Me var jo 20 ½ person i vannet. Det var 3 gjestebadere (dei skimter du til høyre i det ene bildet).

Rekner med at Torill har sendt temperatur og stemningsrapport.”

Og slik er det berre!

Er ikkje heilt sikker på tempen i Godalen, men reknar med rundt 17 grader?

Tydeleg god stemning i badegjengen denne helga også!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Godt bad

Lørdagsbad Posted on Sun, August 19, 2012 20:19

Hallaisen igjen!

Ja, fiina veret!

Ska sei denne søndagen vart flott.

Med litt variasjonar på verinnholdet denne helga så starta det rimeligt godt
lørdag morgen.

Kl.10 som vanleg, med plastpose i handa, på veg mot miljøstasjonen.

Her er det samling før vegen går vidare, og med kursen mot badestranda vert humøret alltid tuna opp.

Fin drøs når ein vandrar langs turstien.

I Godalen er fleire å treffe, og fleire kjem til, så då me trør uti vatnet er me blitt 9 badande sjeler.

17,5 grader og ikkje ei svie å sjå i det heile.
Det betyr samling i sjøen og nokre tek turen ut for å runde badebøya som ligg lengre ut.

På veg inn ser det ut til å komma regn, så me opnar opp i naustet og set oss inn.

Det vert fort justert til eit kombinert frukostbrett, der ein nyttar veret så godt ein kan.

Regnet kjem ikkje, og i staden vert det sol og sjøen flør.

Me diskuterer Danmarkstur og ser at me må få ut melding til alle om at turen er like rundt hjørnet og me må bestilla plass på ferja. ( Mail kjem).

Ha ein tindrande fin dag vidare!

Me badast!

🙂 Svein Egil



Påanigjenbad

Lørdagsbad Posted on Sat, August 04, 2012 22:46

Hallaisen!

Her på Jelsa går det mot ferieslutt og retur til Stavanger.

Ferdig med tak over bakarovnen, så eg er svært nøgd.

Men det er tydeleg at mange har venta på at sesongen skal starta opp for fullt.

Torhild melder:

” 10 badere, 15,3 grader og nå nytes god frokost. Fortsatt god helg til dere! Torhild”

.. og sjølvsagt eit bilde:

Ja, me sit no i blåtimen etter ein flott dag på Jelsa.

Klokka er litt over halv elleve på kvelden, sola ha gått ned, men himmelranden er eit spel i fargevariasjonar frå gult, blått og svarte konturar. Flott å sitja slik og ta natta inn og kjenne at roen senkar seg…

Ha ei fortsatt fin helg!

Me badast!

smiley Svein Egil



« PreviousNext »