Hallaisen!

Opptakten til denne helga var utruleg!

Storm og kuling, snøbyger og minusgrader!

Ingen tvil om at det var tida for å føra klokka 1 time tilbake mot sommar denne halga.

Me hadde staka ut ture til Hunnedalen denne helga, og kom oss avstad, i sludd og snøbyger.

Det vart kaldare og minusgradene møtte oss då me kom opp i høgden.

Så kan me seia at det stoppa der.

Veret klarna og me fekk sol og klår himmel, med gode minusgrader, stjerner og måneskin då natta kom.

Lørdagen vakna med til blikkstille påskestemning, med 10 cm. snø og sol frå bla himmel.

Slik kan det snu..

Me tok ein flott tur oppover dalen og fekk nyta utsikten over eit landskap i vinterskrud.

På veg tilbake og nesten heilt framme ved hytta, kjende me at det var så absolutt tid for eit bad.

Is på vatnet i vika, ingen handkle eller badety,

Me vrengte av oss og heiv oss uti,

Tippar rundt 2 grader i vatnet og omtrent 0 i lufta.

Inger og Jorunn på veg inn i kleda og friska etter godt bad!

Etterpå eit glas champagne og lunsj i solveggen.

Melding tikka inn frå Torhild:

“Sol, vindstille og 20 fornøyde sjøbaderei Godalen i dag.

2-3 grader på land og i sjøen var det over 10:-) Fortsatt god helg!”

med bilde:

Ja, her er gjengen samla. Tydeleg godt lag og god drøs….

No vert det ny soloppgang på onsdag!

Me gleder oss!

Badast!

🙂 Svein Egil