Blog Image

Godalen sjøbaderforening

Godalen sjøbaderforening

er ein gjeng sosiale heilårsbadarar som samlast:

Onsdagar kl. 07:00 direkte i Godalen.

Lørdagar kl. 10:00 ved miljøstasjonen Varden kirke - lett marsj langs sjøen og bad i Godalen ca. 1030.

Med så mange aktive badarar vil der alltid være bad på gang.

"Det er ikkje noko som heiter dårleg vær, berre våte badeknær. (Lett omskrive).

Start i september!!

Spørsmål? sek@idsegata17.com

Lokalen på besøk

Heilårsbad Posted on Tue, November 03, 2009 18:38

God morgen igjen!

Det er onsdag 28.oktober og godt oppmøte når Lokalen Rogaland melder sin ankomst.

Flott at Lokalen følger opp dei ulike lokale friluftsinteressene som vert dyrka i
nærområdet.

Sjølvsagt er fotoapparatet gløymt denne morgonen, men i desse tider har ein jo mobil med til ei kvar tid!! Det er tydeleg at det er folk i anmarsj, og både Astri, Torill, Sten, Gry og undiderteikna var vitne til at NRK-bilen svingde nerom Godalen på badetokt.
Skjæveland steig ut og retta på antennå og var klar… men ikkje til bad! Sjølv!

Me har mistanke om at det ikkje var kaldt nok. 9 grader på lang og 8,5 i sjøen. Mildver med andre ord…

Iallefall var det hyggeleg med besøk, men neste gong utfordrar me til bad!!

God stemning rundt bordet, og stormlykta er det rette på morgonkvisten, før det lysnar mot dag! Jess…

Ha ein fin dag!

🙂 Svein Egil



Etterårsmøtebad

Heilårsbad Posted on Sun, October 25, 2009 18:24

Guddagen igjen!

Flott å treffa så mange gilde sjøbadarar ein morgon i oktober.

God stemning både på sjø og land!

Tempen denne laurdagen er på
9,9 i sjøen og 10,2 på land.

Denne helga snur me klokka mot sommar!

No forstår eg kvifor…

Det er fordi me sjøbadarar skal få med oss endå nokre
morgonbad i soloppgang!

;-} Svein Egil



Årsmøte2009

Heilårsbad Posted on Sun, October 25, 2009 18:00

Kjære heilårsbadar!

Årsmøte vart avholdt i år, som i fjor.
Svært godt oppmøte, med godt program for kvelden og godt gjennomført
møteledelse. Referat og fleire bilete kjem seinare

Foreninga innvia gåva frå Susanne og Rasmus, ei flott stormlykt til bruk på
onsdagsmorgonane i Godalen. Stor stemning då den vart tend.

Heile gjengen sender takksigelsar til våre danske venner, og me gler oss te danmarksturen og kjem tilbake med tilbakemeldingar. Ser at det er gjort eit godt forarbeid.

Og styret tok gjenvalg, sjølv om dei aldri er på valg.

Sylvi er kreativ som vanleg, og presenterte denne varianten av erkebadeengelen Jorunn.

Her eit gruppebilete frå samlinga, som holdt høg standard.


Innslag frå Jærbadarane, og mykje god mat og drikke, gav heilårsbadarane
ein fornuftige formstige heilt fram te laurdagens bad!

Temperaturen på land var god!

Ha ei framleis fine helg!

:-} Svein Egil



Morgenbad i tosomhet

Heilårsbad Posted on Wed, October 21, 2009 09:18

God morgen, fuglar!!

Dagen gryr og Godalen ligg der, mørk og lokkande, med all sin

våte sjarm. Lyset er veikt, men ser ein mot horisonten, ser ein det gryr av dag,

med ei strime som stadig veks, ut av ingenting.

Badaren går mot si strand og føler eit velvære.

Kaldt, men godt.

Kjenner at det er på tide med eit lite sjokk.

Å komma seg ut av morgonhamsen og ut i dagen.

Våkna og kjenna at dagen er her for fullt.

Me er klar!!

Og dagen gryr! Saman med Gry! Sten melder på veg til Bremen by!

Dagens melding vart:

7,2 grader i sjøen og 9,3 grader på land!

God kaffi!!

Sjåast fredag!

🙂 Svein Egil



Nesten sommerlig..

Heilårsbad Posted on Mon, October 19, 2009 13:08

Hallois!

Underteikna var på helgatur te Jærkysten. Eit fantastiks opphold på Jonsahuset, med tilhøyrande strandvandring og fiina veret!

Fekke denne mailen frå Niels!:

Hei Svein Egil!

Til Bloggen :

Nesten sommerlig var det denne morgenen- herlige varme sol og fine blå himmel! Det var Dagfinn, Astrid; Toril, Sylvi , Elisabet, Gry og Niels jsom jumpet ut i det glassklare vannet . Da me ankom Godalen badeplass møtte me en for for oss ukjent sjøbader. Han tok kontakt – opplagt og og akkurat ferdig med en dukkert: – og beklaget at han var i farten. Han måtte videre for å komme igang med øvinger til en amatøtteatererforestilling og me var så velkommen til å komme og se på kveldens teaterstykke.. Og så hadde han lyst til å komme tilbake til Godalen og ta et lørdagsbad med oss en annen gang!

Niels”

Så er det årsmøte på fredag!!!!

🙂 Svein Egil



Morgenstund har gull…

Heilårsbad Posted on Thu, October 15, 2009 07:24

Guddagen!

Idag var det ein stor opplevelse å vandra veien ned til Godalen..

Vanskeleg å få med seg alt på frihand, men litt av stemninga her.

Sten stod som vanleg klar! Ellers nokre hundeluftarar og joggarar som pilte forbi.

Flott morgenstemning!

Ja, litt mange bilder av det sama, eg får rydda i det seinare.

9,2 i sjøen og 5,5 på land.

Fiiina veret!

:-)) Svein Egil



Obama-bad

Heilårsbad Posted on Sat, October 10, 2009 12:51

Fiine morgen!

..og fina veret!

Haustsol og godver på spaserturen mot Godalen idag.

Det er fort gjort å gløyma regnver og blåst når ein berre

får litt påfyll av solstråler og klukkande vatn.

Idag var det godt oppmøte trass i mange på haustferie.

Det er litt av det som er fint med denne gjengen.. at det alltid er nokre som er på tur til bad, sjølv om det både kan vera ferie og styggever.

Idag var det 10,7 grader i vatnet og 11,5 på land. Det er for tida variasjon i tempen

på land, men i vatnet er det rimeleg stabilt.

Mykje prat om Obama og fredspris, der utgangspunktet for mange var stor overrasking,
men når ein får grunna litt på kvifor, så kan ein fort sjå gode grunnar, også i tråd med prisen sine intensjonar.

Anna Anka var me og innom, men det var rimeleg stor enighet rundt bordet at ho levde i ei verd som ikkje akkurat var vår… ja ikkje…

Ser nå fram mot konsert med Ray Davies frå Kinks.

.. og samtidig…

Hugs folkemøte torsdag på Midjord bydelshus gjeldande Emmaus!!

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil



Onsdag og haust

Heilårsbad Posted on Wed, October 07, 2009 13:28

Gode badevenner!

Dagen rant (bokstaveleg talt) og me vende nasen

mot Godalen.

Nesten litt køstemning, då det alt var tre badarar på plass

klokka 7 og to til kom til..

Skikkeleg haustaver, med regn, blåst og bylgjer i sjøen.

Stemingen er som alltid god, og det var stor enighet om at bluferdigheten står i stil med

gradestokken, den går i retning null, men ikkje heilt…

Idag kunne me meldte til Lokalen at det var 12,1 grader i sjøen,

og 10,2 på land.

Kjekt at det ser ut til å komme fleire morgenbadarar på onsdagane.

Dagens motto: “Frisk og rask – på ein onsdag!”

Ha ein fin dag!!

🙂 Svein Egil



Oktoberbad

Heilårsbad Posted on Sat, October 03, 2009 15:50

Gode sjøbadar!

Idag var det surt ver.
Regnbygene stod i kø over Storhaug og ruta vår.
Godt at det finns godt regntøy. Då går alt så
mykje betre.

Fin samling ved miljøstasjonen for plassering av plast og metall før
turen starta.

7 sjøbadarar i aksjon og det var springflo så det holdt.

Tempen vart målt til 12,2 garder i sjøen og 13,4 på land.
Det var nok storm i kasta innimellom, men vinden løya av då
den etter kvart snudde mot meir nordleg.

Bilde vart sendt til Jordan-gjengen og me fekk tilsvar.
Der var tempen over 30 grader.

Ha ei fortreffeleg helg og haustferie.



September adjøss

Heilårsbad Posted on Wed, September 30, 2009 16:22

Gode sjøbadar!!

Morgenens bad var ei god blanding av litt av kvart!

Såg ein mot nordøst var det soloppgang og fina veret.

Såg ein mot sør var det mørkt og god gang!

Litt hutreaktigt ei stund, og mørkare enn ein skulle tru!,,men

badarar på gang!

Melding sendt til Lokalen:

Godalen sjøbaderforeningmelder 11,7 i sjøen og 7,3 på land.

Haustaligt ver. Nydeleg lys!

Ha ein goe dag!

Sjåast fredag/lørdag!

🙂 Svein Egil



« PreviousNext »