Fiine morgen!

..og fina veret!

Haustsol og godver på spaserturen mot Godalen idag.

Det er fort gjort å gløyma regnver og blåst når ein berre

får litt påfyll av solstråler og klukkande vatn.

Idag var det godt oppmøte trass i mange på haustferie.

Det er litt av det som er fint med denne gjengen.. at det alltid er nokre som er på tur til bad, sjølv om det både kan vera ferie og styggever.

Idag var det 10,7 grader i vatnet og 11,5 på land. Det er for tida variasjon i tempen

på land, men i vatnet er det rimeleg stabilt.

Mykje prat om Obama og fredspris, der utgangspunktet for mange var stor overrasking,
men når ein får grunna litt på kvifor, så kan ein fort sjå gode grunnar, også i tråd med prisen sine intensjonar.

Anna Anka var me og innom, men det var rimeleg stor enighet rundt bordet at ho levde i ei verd som ikkje akkurat var vår… ja ikkje…

Ser nå fram mot konsert med Ray Davies frå Kinks.

.. og samtidig…

Hugs folkemøte torsdag på Midjord bydelshus gjeldande Emmaus!!

Ha ei fin helg!

🙂 Svein Egil